Resepsjonist - Vikariat
Union Øye
- Frist 2026-06-21
- Ansettelsesform Vikariat
Bli med i teamet vårt og skap uforgløymelege gjesteopplevingar!
Hotel Union Øye er eitt av Noregs mest unike hotell og ligg omkransa av spektakulær natur inst i vakre Norangsfjorden i Ørsta kommune. Sidan hotellet opna dørene for første gong i 1891 har det vore ein destinasjon for eventyrarar, tindebestigarar og konglege frå heile verda.
Vi er eit familieeigd hotell der personleg vertskap, historie og merksemd for detaljar kjenneteiknar oss. Her blir du ein del av eit team som jobbar profesjonelt og dedikert for å skape unike gjesteopplevingar. Hotellet er stolt medlem av den franske hotellsamanslutninga Relais & Châteaux og vart i 2025 tildelt ein Michelin Key.
No søkjer vi resepsjonist til teamet vårt og saman med oss er du eitt av hotellet sine ansikt utad. Du er ofte den første gjestene våre møter og den som gir råd, hjelp og personleg service gjennom opphaldet. Vi trur at du som søkjer denne jobben lever og andar for god service, og at du ikkje er nøgd før gjesten er nøgd.
Vi søkjer deg som:
- Gjerne har erfaring frå hotellresepsjon og/eller genuin interesse for faget
- Beherskar ulike dataverktøy godt
- Har ei profesjonell haldning og er fleksibel
- Minimum beherskar eit skandinavisk språk og engelsk flytande, både munnleg og skriftleg
- Er omgjengeleg og oppteken av personleg service
- Er kvalitetsbevisst og ser detaljar
- Er naturleg i vertskapsrolla
- Kan handtere sal og booking via telefon, e-post og andre portalar
- Kan arbeide effektivt og systematisk
- Trivst med arbeid på tvers av avdelingar i eit lite team
Vi tilbyr:
- Eit morosamt, kreativt arbeidsmiljø
- Inspireranbde og fagleg dyktige kollegaer
- Ein variert og spennande arbeidskvardag
- Gode utviklingsmoglegheiter
- Moglegheit til å påverke
- Arbeidstid fordelt mellom dag-, kveld- og helgevakter
- God pensjonsordning
- Moglegheit for hjelp med bustad
- Tilgong til Sunnmørsalpane og flott natur rett utanfor døra
Stillinga er eit 100 % foreldrepermisjonsvikariat med snarleg tiltreding og helst iløpet av mai/juni. Vikariatet varer til 1. oktober 2027 med moglegheit for forlenging.
Hotel Union Øye er ein del av Flakk Gruppen og 62NORD som utviklar, marknadsfører og sel unike reiselivsopplevingar på Sunnmøre.
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med driftsansvarleg Kathrine Øye på telefon 481 15 608 eller epost Kathrine.Oye@unionoye.no.
Vi vurderer søknader fortløpande og ser fram til å høyre frå deg!
FerdigheterAI-generert
- Håndtering av kundehenvendelser gjennom bookingsystemer
- Hotellresepsjon
- Nordisk spåk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
- Sektor: Privat
- Sted: Norangsfjorden, 6196 Norangsfjorden
- Bransje: Hotell og overnatting
- Stillingsfunksjon: Resepsjon
Nøkkelord
hospitality, service, hotell, high-end, resepsjon
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463250244
- Sist endret



