Rådgjevar anskaffing
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
- Frist 26.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Har du erfaring med anskaffing og digitalisering, og vil bidra til utviklinga av Sivilforsvaret?
Eining for logistikk og materiell ved Sivilforsvarets kompetansesenter har ledig stilling som rådgjevar innan anskaffing og digitalisering. Stillinga inneber ei sentral rolle i leiing og oppfølging av anskaffingsprosessar, vidareutvikling av digitale system for materiellforvaltning og arbeid med å etablere felles praksis og metodikk i eininga og i Sivilforsvaret.
Vi ser etter ein engasjert og fagleg sterk medarbeidar med rett kombinasjon av utdanning, erfaring og personlege eigenskapar. Hos oss blir du del av eit inkluderande og kompetent arbeidsmiljø, der vi jobbar tett saman i team og makkerpar for å støtte og utfylle kvarandre - både fagleg og sosialt.
Du skal
- innanfor anskaffingsområdet:
- leie gjennomføring av sentrale anskaffingsprosessar
- støtte og rettleie materiellrådgjevarar i arbeide med kravspesifikasjonar og i evaluering av tilbod
- vere einingas kontaktpunkt i samarbeidet mellom Sivilforsvaret og eksterne samarbeidspartnarar innanfor anskaffing generelt
- leie utvikling av lik praksis og metodikk i eininga og i Sivilforsvaret, og utarbeide styrande dokumentar innanfor området
- innanfor digitalisering:
- saman med rådgjevar logistikk ha einingas modulansvar i Sivilforsvarets digitale materiellforvaltningssystem
- bidra til vidareutvikling av systemet, særleg innan logistikkmodulen
- gjennomføre opplæring og gi rettleiing til Sivilforsvarets brukarar i materiellforvaltningssystemet
- Innanfor eigen materiellportefølje:
- ha oversikt over materielltypar og -behaldning i Sivilforsvaret
- berekne behov for etterforsyning, budsjettere, førebu og gjere avrop på rammeavtalar
- følgje opp leveransar og leverandørar i avtaleperioden
- støtte eininga si oppgåveportefølje, andre materiellrådgjevarar og lagerdriften, inkludert intern kompetanseheving, ved behov
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- master- eller bachelorgrad innanfor relevant fagområde. Militær utdanning av tilsvarande varigheit, relevant fagbrev/ teknisk fagskule saman med særskilt relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet. Utdanning frå utlandet må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
- erfaring med offentlege anskaffingar
- erfaring frå analyse- og utgreiingsarbeid innanfor materielltekniske fag, etterforsyning, anskaffing, avtaleforvaltning eller verksemdsstyring
- erfaring med bruk av digitale system innanfor enten anskaffing eller materiellforvaltning, og god kompetanse i bruk av digitale saksbehandlingsverktøy (t.d. Office)
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- følgande personlege eigenskapar:
- strukturert - du jobbar systematisk, følgjer opp og leverer på fristar
- analytisk - du ser fagområdet i ein større samanheng og tenkjer langsiktig
- ansvarsbevisst - du følgjer reglar og rutinar, og bidreg til utvikling
- gjennomføringsevne - du prioriterer og sikrar framdrift
- lagspelar - du samarbeider godt og deler kunnskap
Vi ønskjer at du har:
- erfaring frå offentleg forvaltning
- erfaring frå logistikkverksamheit eller lagerdrift
- erfaring frå statleg økonomistyring
- erfaring frå beredskapsverksemd
Vilkår
Fast stilling som rådgjevar (stillingskode 1434) eller seniorrådgjevar (stillingskode 1364) med årsløn frå kr 630 000 - 725 000, avhengig av utdanningsnivå og relevante erfaring.
Tryggleiksklarering
Den som får tilbod om stillinga må kunne tryggleiksklarerast for HEMMELEG før tiltreding.
Om Sivilforsvaret, eninga og stillinga
Sivilforsvaret er ein uniformert etat underlagt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og vert leia av Sjef Sivilforsvaret. Sivilforsvaret består i fredstid av 8000 tenestepliktige mannskap som er fordelt på 20 sivilforsvarsdistrikt, som kvar leiast av ein distriktssjef. Sentralt nivå er organisert gjennom Sivilforsvarsavdelinga som består av to seksjonar og eit økonomi- og styringssekretariat leia av assisterande sjef Sivilforsvaret.
Sivilforsvarets hovudoppdrag er å beskytte befolkninga i krise og krig. Sivilforsvaret har mynde og ansvar for ei rekkje sivile beskyttelsestiltak. I fredstid skal Sivilforsvaret sørge for at det blir oppretthaldt god beredskap i heile landet og vera forsterkningsressurs når naudetatane og andre styremakter treng ekstra ressursar.
Sivilforsvaret er organisert med lokale, regionale og nasjonale innsatsstyrker beståande av tenestepliktige mannskap og befal. Eit eige kompetansesenter har ansvaret for utdanning og opplæring. Det er totalt ca. 230 tilsette i Sivilforsvaret, fordelt på distrikta og Sivilforsvarsavdelinga. Den viktigaste ressursen er dei tenestepliktige som blir kalla ut til innsats i ulike oppdrag frå nord til sør. Sivilforsvaret bidreg også internasjonalt med ulike kapasitetar.
Sivilforsvarets kompetansesenter (SFK) har fleire nasjonale oppgåver innan utdanning, tenestepliktforvaltning, materiell og logistikk. Alle dei 8000 tenestepliktige i Sivilforsvaret får grunnopplæring og vidaregåande opplæring ved SFK. Kompetansesenteret er også det nasjonale fagmiljøet for materiell og logistikk, og driftar Sivilforsvaret sitt sentrallager for nasjonalt materiell.
SFK er organisert i tre einingar, kvar leia av ein einingsleiar. Stillinga som rådgjevar anskaffing høyrer til eining for logistikk og materiell (LOM). Dei andre einingane har ansvar for kompetanse og tenestepliktforvaltning, samt administrasjon og leirdrift. Kontorstad er Starum, Innlandet. Det er forventa at tilsette ved eining for logistikk og materiell som hovudregel er fysisk til stades på kontoret, utanom tenestereiser. Sivilforsvaret er ein uniformert beredskapsetat. I særskilde tilfelle kan det bli nødvendig å setje beredskapsvakt, med krav om oppmøte på Starum innan om lag éin time.
Som rådgjevar anskaffing er du Sivilforsvaret sin fagressurs innan anskaffingsfaget. Vi ser etter deg som er nysgjerrig på samanheng mellom behovsvurderingar, gode innkjøp, digitale verktøy og beredskap. Du trivst med saksbehandling, anskaffings- og kontraktsforvaltning, og har god forståing for bruk av digitale verktøy. Samstundes er du trygg i samarbeid med både interne og eksterne samarbeidspartnarar. Du må vere sjølvstendig og strukturert, og kunne handtere eit breitt spekter av oppgåver og fleire prosessar samstundes, utan at det går utover kvalitet i saksbehandlinga.
Som rådgjevar anskaffing vil du ha ansvar for å leie, koordinere og støtte andre rådgjevarar i sentrale anskaffingsprosessar. Du vil samarbeide tett med rådgjevar logistikk om det digitale materiellforvaltningssystemet, og vere makker med rådgjevar varsling. I tillegg får du ansvar for eiga avtale- og materiellportefølje innan kategorien fellestenester, og vil utføre materiellrådgjevaroppgåver på lik linje med øvrige rådgjevarar i eininga.
Om DSB
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 800 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsordningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik. Les meir om tryggleik i DSB på www.dsb.no/sikkerhet-i-dsb
Hos oss får du
- medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du verdifulle fordelar gjennom særs gode pensjons-, forsikrings- og boliglånordningar. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no/Medlemskap-i-SPK/
- fleksibel arbeidstid
- bedriftshelseteneste
- høve til å trene i arbeidstida
- tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg
I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise
Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste ved søknadsfristens utløp, jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om unntak frå offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga dette, vil du bli varsla om det før søkjarlistene blir utarbeidde. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheit, vil du framkomme på ei utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg på førespurnad frå andre søkjarar til stillinga.
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. For alle stillingar som ikkje krev tryggleiksklarering, vil DSB gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR. Les meir om rekrutteringsprosessen i DSB på www.dsb.no/rekrutteringsprosessen
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål! Kontaktperson er
Ingunn Iren Mæhlum, einingsleiar:
E-post: ingunn.mehlum@dsb.no
Telefon: 61 14 10 18
Du finn meir informasjon om å jobbe i DSB og oversikt over ledige stillinger på www.dsb.no/jobb.
Velkomen som søkjar hos oss!
FerdigheterAI-generert
- Anbudsevaluering
- Bruke IKT-systemer
- Bruke Office-programvare
- Budsjettarbeid
- Logistikk
- Materialforvaltning
- Offentlige anskaffelser
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
For mer informasjon om DSB, se www.dsb.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Starumsvegen 86, 2850 Lena
- Bransje: Annet, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Innkjøp/forhandling, Logistikk og lager, Rådgivning
Nøkkelord
beredskap, anskaffelser, digitalisering, saksbehandling, offentlig forvaltning
Stillinga inneber ei sentral rolle i leiing og oppfølging av anskaffingsprosessar, vidareutvikling av digitale system for materiellforvaltning og arbeid med å etablere felles praksis og metodikk i eininga og i Sivilforsvaret. (1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463238219
- Sist endret

