PP-rådgjevar. 2-årig prosjektstilling i 50%
Oppvekst, Vinje kommune
- Frist 21.5.2026
- Ansettelsesform Prosjekt
PPT Vest-Telemark lyser ut ei 2-årig prosjektstilling i 50 % som PP-rådgjevar. Prosjektstillinga er retta mot vidareutvikling av førebyggjande og systemretta praksis i barnehage og skule, med særleg vekt på tidleg innsats, læringsmiljø og kompetanseutvikling. Målet er å styrkje kvaliteten i tilpassa opplæring gjennom kunnskapsbaserte tiltak, slik at behovet for individretta vedtak kan reduserast. Ein må også medrekne arbeid på individ nivå der det er behov.
PPT Vest-Telemark er ei interkommunal teneste for kommunane Tokke, Fyresdal og Vinje der Vinje er vertskommune. Hovudkontoret er i Åmot med arbeid ut i dei tre kommunane. Du vil møte dyktige, motiverte og hyggelege medarbeidarar, i eitt breitt fagmiljø på tvers av tenester og verksemder. Me tilbyr stor grad av sjølvstende og påverknadsmoglegheit. Relasjonskapasitet og samskaping er berebjelker i vår organisasjon.
Arbeidsoppgåver
- System- og individretta rettleiing til barnehage og skular.
- Delta aktivt med tidleg innsats og førebyggjande arbeid inn i skular og barnehagar.
- Støtte barnehagar med kompetanseheving og organisasjonsutvikling.
- Kartlegge og utgreie barn som har behov for ekstra hjelp og støtte.
- Sakkunnige vurderingar etter opplæringslova, barnehagelova og lov om vaksenopplæring.
- Samarbeide med 2. linetenester.
- Utvikle godt samarbeidsklima med aktuelle samarbeidspartnarar gjennom gode rutiner.
- Legge til rette for godt samarbeid med barn og føresette.
Kvalifikasjonar
- Utdanning innan det pedagogiske fagfeltet.
- Det er ynskjeleg med mastergrad innan spesialpedagogikk, pedagogikk eller tilsvarande, men relevant erfaring kan kompansere for deler av manglande utdanning. Forventning om tilrettelegging av naudsynt utdanning vil bli formalisert.
- Erfaring frå PP-teneste, skule og/eller barnehage.
- Formell testkompetanse, eller brei erfaring med kartlegging og testing.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Kjennskap til barnehagelova, opplæringslova og andre relevante lovverk og styringsdokument.
- Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Personlege eigenskapar
- Du er ein person med varmt hjarte for barn og unge, og jobbar etter barns beste prinsippet.
- Du har gode samarbeidsevner, er fleksibel, løysingsorientert og har evne til å ta initiativ.
- Du er open for endringar og evnjar å justere arbeidsmetodar etter behov.
- Du er fagleg nysgjerrig og ynskjer å vere med på å utvikle inkluderande barnehage- og skulemiljø, med fokus på førebygging og tilrettelegging for barn og grupper med ulike behov.
- Du likar utfordringar og kan bidra med å stille kritiske spørsmål og idear til endringsprosessar, både internt i PPT og eksternt til samarbeidspartnere.
- Du er god til å lytte og kan arbeide sjølvstendig.
Vi tilbyr
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver, med mål om å utgjere ein positiv skilnad for barn og unge i kommunane Tokke, Fyresdal og Vinje.
- Arbeidsmiljø med høg grad av trivsel og motivasjon, med fokus på personleg og fagleg utvikling.
- Moglegheit for vidareutdanning.
- Tverrfagleg samarbeid.
- Stor grad av sjølvstende med god administrativ støtte og tett oppfylging frå leiar.
- Fleksitidsordning.
- Køyregodgjersle etter statens satsar.
- Løn plassert i Vinje kommune lønsregulativ i tråd med gjeldande tariffavtale.
- Arbeidstidsavtale med ferie etter avtale.
- God forsikrings- og pensjonsordning.
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar.
- Kommunen omfaattast av ordninga for sletting av studielån i statens lånekasse.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Kontaktinformasjon
Ingvild Skipar, Leiar PPT, 92289964, ingvild.skipar@vinje.kommune.noArbeidsstad
Vinjevegen 1923890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5126681089
Stillingsprosent: 50%
Anna
Startdato: 10.08.2026
Sluttdato: 14.08.2028
Søknadsfrist: 21.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463230417
- Sist endret

