Undervisingsstilling Volda vgs rettslære og religion
Møre og Romsdal fylkeskommune, Volda vidaregåande skule
- Frist 20.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Volda vidaregåande skule søkjer etter lærar i programfaga "Rettslære 1 og 2" og fellesfaget "Religion og etikk" frå 1. august 2026. Inntil 100% stilling. Stillinga kan delast dersom det er naudsynt/ønskeleg.
Det er ein fordel om søkjar har undervisingskompetanse i andre relevante fag i vidaregåande opplæring.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, gjennomføre og evaluere undervising i faget/faga
- Samarbeid med elever, foreldre og kollegaer
- Delta i profesjonsfellesskap og utviklingsarbeid ved skulen
- Delar av stillinga kan vere knytt til undervising av enkeltelevar/små grupper
- Kontaktlæraransvar må påreknast
Kvalifikasjonar
- Formell undervisningskompetanse i dei aktuelle faga
- God digital kompetanse og forståing
- God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk
- Kompetanse til å sikre læringsprogresjon for alle typar elevar gjennom tilpassa opplæring og variert vurderingspraksis
Personlege eigenskapar
- Positivt og inkluderande elevsyn med stort engasjement for elevane sitt sosiale og faglege miljø
- God rollemodell
- Evne til å skape gode relasjonar, leie, motivere og inspirere elevane i eit trygt læringsmiljø
- God fagleg formidlingsevne
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Strukturert og nøyaktig i læringsarbeidet
- Tilpassar opplæringa og ser elevane og deira moglegheiter
- Utviklingsorientert og med evne til å reflektere over og forbetre eiga undervisning
- Samarbeidsorientert og likar å jobbe i team med kollegaer
Vi tilbyr
- Gode fagmiljø med eleven si læring i sentrum
- Eit fagleg og pedagogisk profesjonsfellesskap der vi støttar kvarandre
- Eit inkluderande og nytenkande kollegium der du kan utvikle deg
- Gode pensjonsvilkår, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover og avtaleverk
Kontaktinformasjon
Trond Hjelseth, Rektor, 90707146Arbeidsstad
Vevendelvegen 356102 VOLDA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5125269816
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 20.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463209396
- Sist endret


