Avdelingsdirektør - Leiar av stab for verksemdstyring
Vest politidistrikt
- Frist 25.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du ein erfaren leiar som ønsker jobb i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag?
Om stillinga
I Vest politidistrikt, for tida ved Stab for verksemdstyring (SVS) er det ledig ei fast stilling som avdelingsdirektør SKO 1060, som leiar av Stab for verksemdstyring.
Vi ser etter ein strategisk, utviklingsorientert og handlekraftig leiar med solid erfaring frå økonomi og verksemdstyring i store verksemder.
Stab for verksemdstyring er ein strategisk støttestab for politimeisteren og leiargruppa i Vest politidistrikt. Som leiar av staben har ein utøvande ansvar for politidistriktet si økonomi- og verksemdstyring, samt for strategi- og organisasjonsutvikling. I tillegg har SVS blant anna ansvaret for sikkerheitsleiinga, politioperativt materiell, juridisk støtte og dokumentforvaltning. Staben er delt inn i tre seksjonar, Seksjon for sikkerhet, eigedom, logistikk og materiell, Seksjon for verksemdstyring, økonomi og juridisk funksjon og Seksjon for dokument- og informasjonsforvaltning. Leiar av Stab for verksemdstyring er ein del av politimeisteren si leiargruppe.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og ivareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter
Vi søkjer ein leiar med strategisk kapasitet som ønskjer å vere ein pådrivar i utviklinga av Vest politidistrikt.
Du har gode analytiske evner, eit strategisk blikk og evnar å sjå heilskapen. Du har ei genuin interesse for å setje deg inn i organisasjonen, er medviten samfunnsoppdraget til politiet og kan relatere verksemdstyring til kjerneverksemda i politidistriktet.
Vidare er du ein robust og trygg leiar med gode kommunikasjonsevner og som skaper forståing for korleis god verksemdsstyring kan bidra til betre måloppnåing og samhandling.
Arbeidsoppgåver
- Utøvande ansvar for politidistriktet si økonomi- og verksemdstyring, i tillegg til strategi- og organisasjonsutvikling
- Kontrollere at geografiske og funksjonelle driftseiningar utfører sine oppgåver i samsvar med distriktet sine mål og føringer, og innan gjeldane lov og regelverk
- Sikre langsiktig gevinstrealisering
- Leggje til rette for effektiv drift av politidistriktet og bistå om naudsynt opp mot administrasjonsoppgåver og støttefunksjonar på tvers i politidistriktet
- Bistå og leggje til rette for politimeisteren sin styringsdialog med Politidirektoratet (POD), statsadvokaten og underliggjande einingar
- Bistå og leggje til rette for politimeisteren sine leiarmøter
- Budsjett-, resultat- og personalansvar i eigen stab
- HMS ansvar i eigen stab
- Utvikle eit godt medarbeiderskap og ynskja kultur
- Leggje til rette for kunnskapsbasert erfaringslæring og syte for systematiske forbetringar innan fagfeltet
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Relevant utdanning på masternivå
- Minimum 3 års relevant leiarerfaring
- Relevant leiarutdanning fortrinnsvis på universitet- eller høgskulenivå
- Brei kompetanse og erfaring innan budsjett og økonomi i store verksemder
- Erfaring frå å leie omstillings-, endrings- og utviklingsprosessar
- Erfaring frå offentleg sektor og god forståing for økonomi- og verksemdstyring i offentleg forvaltning
- Erfaring med forhandlingar og partssamarbeid
- Gode skriftlege og muntlege framstillingsevner
- Kan vise til gode resultat i tidlegare stillingar
- Kunnskap om personalstyring
- Kunnskap og erfaring innan HMS
God kjennskap til politiet sine oppgåver og utfordringar
Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju. Den som blir tilsett må kunne klarerast for HEMMELEG.
Personlege eigenskapar
- Evne til å handle i eit strategisk og heilskapleg perspektiv
- Evne til å setje retning, drive endring og bidra til god utvikling
- Gode analytiske evner
- Resultat- og løysingsorientert med god gjennomføringsevne
- Gode kommunikasjonsevner og vere ein god relasjonsbyggjar både internt og eksternt
- Samfunnsorientert, med evne til å forstå politiet sitt samfunnsoppdrag
Gode leiareigenskaper, med evne til å vise god personalomsorg og motivere sine medarbeidarar
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her (https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/).
Som leiar må du i tillegg kunne leie i samsvar med vår medarbeidarplattform.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme framtida sine polititenester
- Ei utfordrande rolle med stor synlegheit og brei kontaktflate
- Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Stillinga blir løna som avdelingsdirektør SKO 1060 frå kr. 1.310.000,- brutto per år. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten,
- Stillinga blir vurdert som særleg uavhengig, og kompensasjon for uregulert arbeidstid inngår som ein del av løna
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (sjå https://www.spk.no for meir info)
- Bedriftshelseteneste
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten ).
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc
Slik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
FerdigheterAI-generert
- Budsjett- og økonomioppfølging
- Dokumentasjonsforvaltning
- Forretningsledelse
- HMS for ledere
- Kjennskap til lovverk og regelverk
- Offentlig administrasjon og forvaltning
- Økonomistyring
- Organisasjonsutvikling
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene heilt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.
Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Allehelgensgate 6, 5016 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Økonomistyring og budsjettering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462881086
- Sist endret



