Politioverbetjent med funksjon som tiltaksrådgivar
Vest politidistrikt
- Frist 25.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du tiltaksrådgjivar som skal bidra til at PST Vest handterar dei mest alvorlege truslane mot landet vårt?
Om stillinga
Ved PST Vest, seksjon for etterretning i Vest politidistrikt er det ledig ei fast stilling som politioverbetjent med funksjon som tiltaksrådgivar. Som utoverretta tiltaksrådgivar vil hovudoppgåva vere å bidra til auka kunnskap om mandatet til PST, gjennom dialog og formidling til ulike samarbeidsaktørar og miljø i Noreg. Du vil ha ansvar for planlegging og gjennomføring av førebyggjande tiltak.
Arbeidet føregår både sjølvstendig, men også i team og i tett samarbeid med andre både i og utanfor PST. Saman med teamet skal du sørgje for at relevante trussel- og sårbarheitsreduserande tiltak blir iverksette, slik at PST på best mogleg måte løyser samfunnsoppdraget sitt. PST søkjer heile tida å utvikle arbeidet sitt, og samarbeid med andre etatar og verksemder er sentralt i dette. Derfor er samhandling og dialog med andre også ein sentral del av arbeidet. PST har eit særskilt og viktig samfunnsoppdrag, der ditt bidrag er med på å gjere ein målbar forskjell. Medarbeidarane våre trekkjer fram varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, kompetente kollegaer og ein meningsfull arbeidskvardag som dei viktigaste aspekta ved å jobbe hos oss.
Som tiltaksrådgivar vil du få ansvarsfulle oppgåver innanfor eit etterspurt og viktig fagområde, med direkte innverknad på tryggleiken til Noreg og norske verdiar i ei krevjande tid. Du vil få tilbod om systematisk kompetanse- og erfaringsutvikling i tråd med kompetansestrategien til PST, inkludert kurs, seminar, faglege nettverk og praktisk opplæring.
Søkjarar må tilfredsstille krav til sikkerheitsklarering og autorisasjon for STRENGT HEMMELEG. For å bli sikkerheitsklarert må kandidaten vere villeg til å gje personlege opplysningar om seg sjølv og sine næraste. Du blir oppfordret om å vise diskresjon om du søkjer stilling i PST, meir informasjon om dette blir gjeve i løpet av søknadsprosessen. Noko reiseverksemd må påreknast.
PST er Noregs nasjonale innanlands etterretnings- og tryggingsteneste og har ei viktig rolle i vernet om demokratiet, borgarane og viktige samfunnsinteresser. PST er ei flerfagleg teneste med behov for variert kompetanse. PST skal indentifisere og vurdere truslar knytta til etterretning, sabotasje, spreiing av masseødleggelsesvåpen, terror, ekstremisme og truslar mot styresmaktpersonar. PST har hovudkontor i Oslo samt kontor i alle politidistrikt.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Me ser etter motiverte personar som er interesserte i å arbeide hos oss. Stillinga krev god forståing og kjennskap til samfunnsoppdraget til PST, samt kunnskap om relevante samarbeidsaktørar.
Me stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søkjer vi etter deg som til einkvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som en god ambassadør for PSTgjennom dine holdningar og handlingar i det daglege arbeidet. Evnen til å bygge tillit til publikum er avgjerande for suksess i vår organisasjon. I vår vurdering av kandidatar er blant anna dette noko me vil leggje vekt på, samt evnen til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø
Arbeidsoppgåver
- Drifte tiltaksarbeid i og utanfor sak
- Drifte gjennomføring av forebyggjande samtalar
- Førebyggjande og oppsøkjande arbeid retta mot relevante personar og miljø innanfor PST sitt mandat
- Halde føredrag og formidle tryggingsrådgjeving til trusselutsette og samarbeidspartnarar
- Taktisk og teknisk innhenting
- Bidra i politioperative oppgåver etter behov
- Bidra i relevante arbeidsprosessar og andre oppgåver på oppdrag frå nærmaste leiar
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Godkjent vitnemål frå politiskule / politihøgskule
- Tilfredsstille kompetansekravet for pb3 og ha arbeida innan etterretning, førebygging eller anna relevant erfaring i minimum 5 år. Ved anna relevant bachelor- eller mastergrad kan heile eller deler av kravet fråvikast
- Meget god framstillingsevne skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
- IP4-godkjent eller vere villig til å bli IP4-godkjent
- God IT- og systemkompetanse
- God kjennskap til organiseringa av politiet og samfunnsoppdraget til PST
- Tilfredsstille krav til sikkerhetsklarering og autorisasjon for STRENGT HEMMELIG. Sikkerhetsklarering må føreligge før evt. ansettelse
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju
Det er også ønskeleg med:
- God forståing for etterretningsfaget og etterretningsprosessen
- Erfaring frå bekymringssamtalar
- Erfaring med formidling av tryggingsrådgjeving
- Erfaring med bruk av relevante analyseverktøy og ulike innhentingsmetodar
- Andre språkkunnskapar
- Det vil telje positivt med erfaring innan førebygging frå kommune, politi eller andre verksemder som jobbar med tilsvarande.
Personlege eigenskapar
- Sterk evne til å byggje relasjonar, ha god formidlingsevne og skape god dialog
- Sikre effektivt samarbeid både internt og eksternt
- Systematisk og høg arbeidskapasitet
- Evne til å koordinere parallelle oppgåver etter gjeldande prioriteringar
- Kreativ og initiativrik
- Viser høg etisk integritet i arbeidet
- Evne og interesse for å tileigne seg kunnskap om andre kulturar og område.
Vi vil særleg leggje vekt på personlege eigenskapar som bidreg til å styrkje og utfylle eininga.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattforma her. (https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform)
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Stillinga vert lønna som politioverbetjent med funksjon som spesialist stillingskode 0287 med årslønn frå kr 790.000,- brutto per år. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no (https://www.spk.no)
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode arbeidsvilkår (turnus og trening i arbeidstida)
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten ).
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc
Slik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
FerdigheterAI-generert
- Teknisk IT kompetanse
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vest politidistrikt dekker 38 kommuner i Vestland fylke, med til sammen 609 000 innbyggere. Distriktet følger ikke fylkesgrensene helt – kommunene Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio tilhører Sør-Vest politidistrikt.
Politidistriktet har om lag 1300 ansatte, med politimeister Ane Kvaal som øverste leiar. Politimesteren har sitt kontor i Bergen, hvor også felles operasjonssentral er lokalisert.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Allehelgensgate 6, 5006 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Politi, Rådgivning, Sikkerhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461845222
- Sist endret



