Fagarbeidarar, faste stillingar ved teknisk uteseksjon
Giske kommune
- Frist 4.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Det er frå snarast ledig to x 100% faste stillingar som fagarbeidar ved teknisk eining, uteseksjonen. Teknisk uteseksjon har ansvar for vedlikehald av alle kommunale parkar, grøntområde og kyrkjegardar, og deltek òg aktivt i utviklinga av nyanlegg innanfor alle ansvarsområde.
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Oppgåvene vil i hovudsak vere knytt til drift og vedlikehald av parkar og kyrkjegardar, samt av andre kommunale grøntområde
- Samarbeid med Giske kyrkjelege fellesråd
- Førebuing og etterarbeid ved gravferder
- HMS ansvar
- Oppfølging av service på maskiner og tenestebilar
- Vedlikehald og diverse reinhald
- Anna forefallande arbeid, og arbeidsoppgåver innan andre fagområde ved teknisk uteseksjon
- Det kan bli endringar i arbeidsoppgåver ut frå behov
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innan maskinføringsfaget. Andre relevante fagbrev vert også vurdert.
- Kompetansebevis for anleggsmaskiner
- Trucksertifikat (T1 - T4)
- Førarkort klasse B - BE
- Lang erfaring kan kompensere for formell kompetanse
- God kunnskap om – og interesse for digitale verktøy
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Arbeidsvillig
- Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- Nøyaktig og løysingsorientert
- Fleksibel med evne til omstilling
- Godt humør
- God fysisk form
Vi tilbyr
- Flotte og dyktige kollegaer i eit godt og sterkt fagleg arbeidsmiljø.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
- Varierte arbeidsoppgåver.
Kontaktinformasjon
Rolf Martinsen, Ingeniør, 92898858Svein Erik Bakken, Avdelingsleiar, +47 94781451
Arbeidsstad
Valderhaug 46050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 5125810029
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462867578
- Sist endret

