Fagarbeiderstillingar på Samnanger barneskule/SFO
Samnanger kommune
- Frist 25.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du ein dyktig barne- og ungdomsarbeidar med godt humør og stå på-vilje?
Då treng me deg på Samnanger barneskule og SFO! Samnanger barneskule er ein 1-7 skule med omlag 200 elevar frå hausten 2026. På SFO er det påmeldt ca 70 elevar.
Me søkjer etter engasjerte fagarbeidarar, 2 stillingar à ca 60 %, som trivst i eit inkluderande og aktivt læringsmiljø. Stillingane inneber arbeid tett på einskild elevar og mindre grupper som har behov for ekstra støtte og tilrettelegging i kvardagen. Arbeidet krev god evne til relasjonsbygging, struktur og tilpassa oppfølging i samarbeid med lærarar og anna støtteapparat.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføra pedagogiske aktivitetar i samarbeid med faglærar
- Oppfølging av einskild elevar og mindre grupper av elevar
- Bidra til å skapa eit trygt, godt og inkluderande lærings- og skulemiljø for alle
- Ta ansvar for aktivitetar og dagleg drift av SFO saman med dei andre tilsette
- Tverrfagleg samarbeid for å bygga laget kring barnet
Kvalifikasjonar
Krav
- Fagbrev innanfor barne- og ungdomsarbeidarfaget
- God språkleg dugleik, munnleg og skriftleg
- Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding
Ønskjer
- Har erfaring med eller interesse for tilrettelegging for barn med særskilde behov
- Anna relevante fagbrev, gjerne med kompetanse innan særskild tilrettelegging
- Likar å vera i basseng
- Glad i fysisk aktivitet, leik, friluft og uteaktivitetar
Personlege eigenskapar
- Du er god til å bygga gode relasjonar og skapa eit trygt og godt læringsmiljø
- Du har gode samarbeidsevne og bidrar aktivt til utvikling av skulen/SFO som arbeidsplass for elevar og tilsette
- Du er engasjert og ambisiøs
- Trygg, tolmodig og god på å skapa føreseielege rammer
- Du er løysingsorientert og kan stå i krevjande situasjonar
- Du tåler endring i ein hektisk kvardag
- Arbeider godt både sjølvstendig og i team
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
Me tilbyr
- Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forma ein kommune i positiv utvikling og vekst
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Gode velferdsordningar
Arbeidstilhøve
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle kvalifiserte til å søkja jobb hjå oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk eller kulturell bakgrunn. Dersom du har utanlandsk utdanning, må denne vera godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Om oss
Skulen ligg vakkert til og har funksjonelle og miljøvenlege bygg. Skulen har eit stort og variert uteområde, eit flott skulebibliotek, digitale tavler i alle klasserom og kort veg ut i naturen.
Skulen har fokus på å sjå heile mennesket og vektlegg både sosiale og faglege mål gjennom tidleg innsats og kjerneverdiane våre. Me ynskje å sjå engasjerte elevar og kollegaer i praksis. Me er ein skule i utvikling og har godt kvalifiserte tilsette som trivst på arbeidsplassen sin.
Nøkkelord: vår skule, våre elevar, kommunikasjon og relasjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462864778
- Sist endret