70% vikariat - undervisningsstilling innanfor Helse- og oppvekstfag
Måløy vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune
- Frist 25.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Måløy vidaregåande skule har om lag 80 tilsette og 350 studieplassar fordelt på utdanningsprogramma: studiespesialisering, bygg- og anleggsteknikk, naturbruk, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, teknologi- og industrifag (TIF) og TAF/YSK utdanning innan industriteknologi, helse og akva (yrkes- og studiekompetanse). Skulen har også eit eige sikkerheitssenter (SIM), som tilbyr ei omfattande bredde kurs for maritim sektor.
Utdanningsprogrammet helse- og oppvekst har 1 klasse på Vg1, 1 klasse på Vg2 : Helsefagarbeidar. Vi har og 1 klasse med helsefagarbeidar på TAF/YSK (dette studiet gir yrkes- og spesiell studiekompetanse).
Arbeidsoppgåver
Undervising og oppfølging av elevar.
- 70 % vikariat med undervisning i programområde Helse- og oppvekstfag, både på Vg1, Vg2 og TAF.
- Stillinga vil i hovudsak innebere undervisning på Vg2 nivå i programområde Helsefagarbeidar
Noko av undervisninga kan bli knytta til tilrettelegging for einskildelevar.
Du samarbeider med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapet, med bedrifter og kommune om utplassering, og med opplæringskontor om læreplass til elevane.
Du held deg orientert om utviklinga innanfor fagområdet, og om kva som skjer innan fag- og yrkesopplæringa.
Kvalifikasjonar
Forskrift til opplæringslova § 12-8 skildrar krav for å bli tilsett i lærarstilling i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa. Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsettast oppfyller eitt av desse krava:a) Du har yrkesfaglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
b) Du har universitets- eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 180 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 12-1. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
c) Du har faglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
d) Du har fag- eller sveinebrev eller bestått anna yrkesfagleg vidaregåande opplæring. I tillegg må du ha to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå og fire års yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring. Slik bakgrunn kvalifiserer for tilsetting i fag som utdanninga eller bakgrunnen er relevant for. Det krevst også pedagogisk utdanning i samsvar med § 12-1.
e) Du har lærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å gi individuelt tilrettelagd opplæring eller dersom det er ønskjeleg ut frå behova til elevane.
Dei som ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag har fått godkjent kravet om to års relevant yrkesteoretisk utdanning på grunnlag av realkompetanse, oppfyller kravet om to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå i første ledd bokstav d.
Dersom du manglar delar av utdanningskravet blir start- og sluttidspunkt av utdanninga avtalt med leiar.
Det er ynskjeleg med:
- Undervisningserfaring og arbeidserfaring frå helsesektoren.
- Erfaring frå bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Personlege eigenskapar
- Du er inkluderande, oppteken av verdien av mangfald og av eleven si trivsel og meistring.
- Du har god pedagogisk forståing.
- Du er engasjert og positiv, og legg til rett for variert undervisning.
- Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men er òg sjølvstendig i eige arbeid.
- Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidarar, lærarar og andre hjelpeinstansar i laget rundt eleven.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Du som skal tilsettast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Vi tilbyr
- Eit aktivt og stimulerande fagmiljø.
- Gode høve til eiga læring og utvikling.
- Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Kontaktinformasjon
Helen Hjertaas, Avdelingsleiar, 41530832, helen.hjertaas@vlfk.noArbeidsstad
Nordfjordvegen 91096718 Deknepollen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5124431590
Stillingsprosent: 70%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 25.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462840536
- Sist endret

