Helsefagarbeidar
Vaksdal kommune
- Frist 24.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Heimetenesta i Vaksdal kommune har ledig 80 % fast stilling i to-delt turnus med arbeid på natt kvar 3 helg. Det kan vere moglegheit for 3‑delt turnus etter nærare avtale.
Heimetenesta yter tenester til menneske i alle aldrar og livssituasjonar. Vi arbeider for å gi trygg og god omsorg prega av respekt, høg fagleg kvalitet og menneskeleg varme - der den enkelte sine behov står i sentrum.
Vaksdal kommune er ein kommune med sterkt fellesskap. Vi legg stor vekt på eit godt arbeidsmiljø der tillit, samarbeid og støtte står sentralt. Heimetenesta er i stadig utvikling, med fokus på velferdsteknologi, fagleg oppdatering og brukarmedverknad. Vi arbeider tverrfagleg, og du blir ein del av eit dyktig og engasjert team som brenn for å gi gode og trygge tenester - der folk bur og lever liva sine.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere
- Oppfølging av pasientar med stell og pleie
- Hjelp til daglege gjeremål
- Medisinhandsaming
- Medisinsk oppfølging ut frå kompetansenivå
- Kontakt og samarbeid med pårørande
Krav til kompetanse
- Helsefagarbeidar, eller anna relevant fagbrev
- Krav om godkjend politiattest
- Krav om førerkort klasse B
- God framstillingsevne, både munnleg og skriftleg på norsk
Personlege eigenskapar
- Du likar å arbeide sjølvstendig og å ta ansvar
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og samarbeider godt i eit tverrfagleg miljø
- Du evnar å sjå samanhengar og bidra til heilskapleg tenking på tvers av avdelingar og arbeidsområde
- Du er fagleg trygg, modig og raus - og evnar å gjere tenesta, tilsette og brukarar gode
- Du er påliteleg, stabil og løysingsorientert, med stor evne til gjennomføring
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vaksdal kommune kan tilby
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Gode moglegheitar for støtte til utdanning
- Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462757943
- Sist endret

