Helsefagarbeidar/barne- og ungdomsarbeidar
Kviteseid kommune
- Frist 25.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Ved tilrettelagde tenester i Kviteseid kommune arbeider det vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeiderar/hjelpepleiarar og assistentar som gir helse- og omsorgstenester til menneske med utviklingshemming. Vi har personell i heimen til den enkelte, i barnehagen, i skulen, på dagsenter og avlasting. Me arbeider med målretta miljøarbeid og personsentrert praksis.
Me søkjer no ein engasjert, trygg og sjølvstendig helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar i 100 % fast stilling.
Stillinga er i turnus (35,5 time/veke) med arbeid kvar 3. helg og er ledig frå 17.08.26. Det kan opnast for at ein kan starte før dersom søkjaren ynskjer det.
Arbeidsoppgåver
- Praktisk bistand, opplæring og rettleiing til bebuarar i samsvar med vedtak, lovverk og tiltak
- Skape ein føreseieleg og trygg kvardag for bebuarane
- Rettleiing, undervisning og informasjon til lærlingar, studentar og pårørande
- Dokumentere i fagsystem
- Primær-/sekundæransvar for ein eller fleire bebuarar
- Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar/norsk autorisasjon som hjelpepleiar
- Ynskje om relevant vidareutdanning retta mot menneske med utviklingshemming
- Ynskje om erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming
- Førarkort kl. B
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Har gode kommunikasjons og samarbeidsevner
- Har evne til å ta ansvar, vere sjølvstendig og trygg i tenesterolla
- Er fleksibel, strukturert og løysingsorientert
- Vil halde deg fagleg oppdatert
- Er kreativ og glad i aktivitet
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Kommunen legg vekt på psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve.
Vi tilbyr
- Godt og inkluderande arbeidsliv
- Spanande og omfattande faglege utfordringar
- Løn etter gjeldande avtale
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månadar.
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.
Kontaktinformasjon
Unni Elisabeth Øygarden, Einingsleiar Tilrettelagde tenester, 90251683Arbeidsstad
Kviteseidgata 133850 Kviteseid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kviteseid kommuneReferansenr.: 5125105284
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462756405
- Sist endret


