Kulturskulelærar i Visuell kunst – Vang, Vestre Slidre, Nord-Aurdal
Kultur, Vestre Slidre kommune
- Frist 24.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Kulturskulane i Valdres samarbeider tett for å gje optimale tilhøve for lærarane. No treng kulturskulane i Vang, Vestre Slidre og Nord-Aurdal lærar til sine visuelle kunstfag. Vi lyser ut saman, men om nokon ønskjer å undervise i berre ein eller to skular, er det også mogleg.
Visuell kunst rommar ei rekkje teknikkar, metodar og uttrykksformer – frå teikning og måleri til tredimensjonalt arbeid, digitale uttrykk, installasjon, design, handverk, grafikk og eksperimentelle prosessar. Vi inviterer difor kunstnarar og pedagogar med ulik fagleg bakgrunn og praksis til å søkje, og oppmodar alle som arbeider med visuelle uttrykk – anten tradisjonelt, tverrfagleg eller nyskapande – til å sjå si kompetanse som aktuell. Undervisninga formar vi i samspel med elevgrupper og lokale føresetnader.
Vestre Slidre kulturskule (VSK) er ein kulturskule med høgt engasjement og stor oppslutnad blant innbyggjarane. Det tette samarbeidet med grunnskulen gjer at ein – i tillegg til det ein tradisjonelt ser føre seg med «kunstfag» — har tilgang til ei godt utstyrt avdeling for kunst og handverk med mellom anna keramikkomn, 3D‑printer, stor vinylkuttar og varmepresse.
Vang kulturskule (VAK) er også samlokalisert med kommunens eine grunnskule, og kan bruke rom og utstyr der. Den er særs godt utstyrt med mellom anna store velutstyrte avdelingar for tresløyd tekstil og keramikk.
Nord-Aurdal kulturskule (NAK) er den største kulturskulen i Valdres, med nye, moderne lokale sentralt plasserte i regionsenteret Fagernes. Kunstfaget i NAK er utstyrt etter meir tradisjonelle forventningar, men skulen er open for å prøve ut nye retningar i faget. Om læraren ønsker, kan det og være mogleg å tenkje seg eit samarbeid med Makerspace NAUS.
Undervisninga Nord-Aurdal er delt i 3 grupper, i utgangspunktet delt etter alder. I Vestre Slidre og Vang er det ei gruppe. Aldersspennet på elevane er frå 8–16 år. I Vang er det førebels berre elevar på frå småskulen.
Undervisninga går føre seg på ettermiddagstid. Det er viktig å leggje til rette for trivsel blant elevgruppa, samstundes som elevane føler på både meistring og fagleg utfordring.
Arbeidsoppgåver
Kulturskulelærar visuell kunst (VAK) 5,13–7,68 %
Kulturskulelærar visuell kunst (VSK) 7,68 %
Kulturskulelærar visuell kunst (NAK) 19,24 %
- Undervisning med tilhøyrande førebuing og oppfølging
- Samarbeid på tvers av fag når det er tenleg
- Utstillingar og liknande når det er tenleg
Kvalifikasjonar
- Du må ha nødvendig kompetanse for arbeidsoppgåvene.
- Høgare pedagogisk og/eller kunstfagleg utdanning er ein fordel.
God erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert i faget.
- Du er ansvarsbevisst og samvitsfull.
- Du brenn for å dele din kompetanse og blir glad når ungar veks gjennom gode opplevingar og meistring.
- Du har evne til å vurdere og utvikle eigen pedagogisk praksis.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vi tilbyr
- Ein jobb der du betyr ein positiv forskjell for elevane
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Om du får ei stilling med undervisning i fleire kommunar, kan det vere aktuelt å vurdere kva kommune som skal gjere den endelege tilsetjinga.
Kontaktinformasjon
Gudbrand Silvet Heiene, Avdelingsleiar kultur, +47 41335496Arbeidsstad
Slidrevegen 162966 Slidre
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 5123692473
Stillingsprosent: 34,6%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 24.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462711855
- Sist endret
