Lærar Stryn kulturskule
Stryn Kommune
- Frist 20.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi treng danselærar til vår flotte kulturskule i Stryn, er du den vi ser etter ?
Stryn kulturskule er eit kulturelt ressurssenter for bygda, og vi skal gje opplæring av høg kvalitet til born og vaksne i vår vidstrakte kommune innanfor dans, drama, kunst, musikk og song. Kulturskulen har pr i dag 3,7 årsverk og om lag 200 elevplassar, og vi arbeider målretta med rekruttering gjennom lokale konsertar og arrangement.
Kulturlivet i Stryn er aktivt og mangfaldig. Kulturskulen samarbeider tett med lokalt musikk- og kulturliv, og ynskjer å utvikle samarbeidet med andre lokale tenester i kommunen.
Stryn kulturskule er ein desentralisert kulturskule. Kommunen er vidstrakt og vi prioriterer å ha undervisning i sentrum så vel som bygdene rundt. Den øvrige undervisninga går føre seg i sentrum i eigne lokale i Stryn kulturhus. Her er det undervisningsrom til instrumentalopplæring, visuell kunst og lydstudio som vert nytta til individuell undervisning, bandkurs, interne og eksterne innspelingsoppdrag. Kulturskulen disponerer òg ein dansesal til teater-og dansegrupper.
Utlysinga gjeld tilsetting frå skuleåret 2026/27 med oppstart frå 01.08.2026 i minimum 40% fast stilling. Søknadsfristen for elevar til kulturskulen er ikkje ute enno og vi har ikkje full oversikt over elevtal og elevgrupper før i midten av mai. Det kan derfor bli aktuelt å justere stillingsprosenten.
Arbeidsoppgåver
- Gruppeundervisning for ulike aldrar og nivå
- Undervisning i moderne dans, men kompetanse om fleire dansestilar er også ønskjeleg
- Arbeid med koreografi
- Arbeid fram mot førestillingar gjennom året
- Desentralisert undervisning
- Samarbeid med kollegaer på kulturskulen
Kvalifikasjonar
- Høgskuleutdanning eller anna relevant utdanning / kompetanse
- PPU er ikkje eit krav, men eit ynskje
- Personlege føresetnader, breidde i fagområde og kompetanse vil bli vektlagt opp i mot skulen sitt behov.
- Førerkort klasse B - må disponere eigen bil
Personlege eigenskapar
- Du må like å undervise born og unge i grupper
- Du må ha evne til å skape gode relasjonar
- Du må ha gode samarbeidsevne
- Du må vere positiv og miljøskapande
- Du må vere fleksibel og sjølvstendig
Vi tilbyr
- Tilsetting etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement
- Lønn etter tariff
- God pensjonsordning gjennom KLP
- Den tilsette må legge fram politiattest av ny dato
- Variert arbeid i eit positivt miljø
NB! Nedskriving av studielån etter Lånekassen si distriktsordning, til ei kvar tid gjeldande reglar. For tida kr. 25.000,- for buande i Stryn kommune
Kontaktinformasjon
Ingrid Schei Stuhaug, Rektor kulturskulen , 90016334Arbeidsstad
Perhusvegen 336783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn KommuneReferansenr.: 5123425128
Stillingsprosent: 40%
Fast
Søknadsfrist: 20.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462646831
- Sist endret


