Faglærar teknologi og industrifag
Eid vidaregåande skule - Vestland fylkeskommune
- Frist 18.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Eid vidaregåande skule har ca. 330 elevar fordelt på fem utdanningsprogram, og ca. 60 tilsette og er ein framtidsretta skule som ligg idyllisk til midt i Nordfjord-regionen, omkransa av vakker natur. Skulen tilbyr eit variert spekter av utdanningstilbod:
- Studiespesialiserande
- Påbygg til generell studiekompetanse
- Helsefag med studiekompetanse
- Elektro og datateknologi
- Teknologi og industrifag
- Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign
- Nettbasert tilbod - påbygg til generell studeikompetanse for vaksne
Har du relevant utdanning og arbeidserfaring frå teknologi- og industrisektoren og ønsker å arbeide med elevar som ser føre seg ein framtid innan teknologi og industrifag? Då er denne undervisningsstillinga på Eid vidaregåande skule vere noko for deg! Vi ser etter ein engasjert lærar som vil bidra til eit inkluderande læringsmiljø og vere med på å vidareutvikle eit spennande og framtidsretta utdanningstilbod.
Arbeidsoppgåver
Undervising og oppfølging av elevar.
- 200 % fast stilling med undervisning i programområde TIF - teknologi og industrifag.
- Stillinga vil i hovudsak innebere undervisning på Vg1 og Vg2-nivå i programområde teknologi og industrifag.
Det kan bli aktuelt med kontaktlærarfunksjon i tillegg til undervisning.
Du samarbeider med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapet, og med opplæringskontor og næringsliv om formidling av læreplass til elevane.
Du held deg orientert om utviklinga i bransjen og i fag- og yrkesopplæringa.
Kvalifikasjonar
Forskrift til opplæringslova § 12-8 skildrar krav for å bli tilsett i lærarstilling i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa. Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsettast oppfyller eitt av desse krava:
a) Du har yrkesfaglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
b) Du har universitets- eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 180 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 12-1. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
c) Du har faglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
d) Du har fag- eller sveinebrev eller bestått anna yrkesfagleg vidaregåande opplæring. I tillegg må du ha to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå og fire års yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring. Slik bakgrunn kvalifiserer for tilsetting i fag som utdanninga eller bakgrunnen er relevant for. Det krevst også pedagogisk utdanning i samsvar med § 12-1.
Dei som ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag har fått godkjent kravet om to års relevant yrkesteoretisk utdanning på grunnlag av realkompetanse, oppfyller kravet om to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå i første ledd bokstav d.
Dersom du manglar delar av utdanningskravet blir start- og sluttidspunkt av utdanninga avtalt med leiar.
Det er ynskjeleg med:
- Undervisningserfaring.
- Erfaring i bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Sertifikat/kursbevis som er relevant for fag eller utlyst stilling.
Personlege eigenskapar
Du må like ungdom, vere fleksibel og strukturert.
Du må ha evne til å sjå det beste i elevane og får dei til å ville ta ut sitt potensiale.
Samarbeidsevne og teamjobbing er ein viktig del av jobben.
Tydeleg og trygg klasseleiing og god relasjonskompetanse.
Du har evne og vilje til å planlegge, gjennomføre og å evaluere undervisninga både sjølvstendig og i samarbeid med andre.
Aktiv bidragsyter inn i eit kollegie som ønsker å utvikle skulen og kvaliteten på opplæringa.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit aktivt og stimulerande fagmiljø.
- Gode høve til eiga læring og utvikling.
- Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Vilkår
Godkjend politiattest av nyare dato er eit vilkår for å verte tilsett i vidaregåande skule.
Kontaktinformasjon
Ove Jonny Lillestøl, avdelingsleiar, 41530811Alf Reidar Myrstad, rektor, 90962632
Arbeidsstad
Sophus Lie-vegen 36770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5120994062
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462638145
- Sist endret

