Ergoterapeut
Eining for velferd, Nissedal kommune
- Frist 24.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye ergoterapeut ?
Vil du vere ergoterapeut i Nissedal og Fyresdal kommune ? Me har ledig ein særs spennande stilling som
ergoterapeut i 100 %. Stillinga er eit interkommunalt samarbeid mellom Nissedal kommune og Fyresdal kommune, kor 30 % av stillinga er knytta til ergoterapeut oppgåver i Fyresdal kommune. Arbeidsstad vil i hovudsak vere i Nissedal.
Som ergoterapeut vil du vere ein sentral person innanfor områda ergoterapi, kvardagsmeistring og demensomsorg. Me har stort fokus på framtidsretta og
heilskapelege tenestar til våre innbyggarar.
Me håper akkurat DU søkjer hjå oss
Arbeidsoppgåver
Arbeide tverrfagleg med tenestekontor, fysioterapeut, demenskoordinator og andre
samarbeidspartnarar, når det gjeld kartleggingar, funksjonsvurdering og tilrettelegging av
aktivitetar for heimebuande både med eit demensfokus og mestrinstankegang/
kvardagsmeistring
Førebyggande heimebesøk
Bistå innbyggjarar med søknadar om ombygging/ tilrettelegging av bustadar
Ordinære ergoterapi oppgåver knytta til hjelpemidlar
40 % av stillinga er på dagsenter tilbodet for heimebuande personar med demens
Kvalifikasjonar
• Autorisert ergoterapeutPersonlege eigenskapar
Du er :
• Engasjert
• God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne
• Fleksibel og løysingsorientert
• Sjølvstendig samtidig som du har gode samarbeidsevner
• Respekt, forståelse og empati for brukar, samarbeidspartnarar og kollegaer
• Høg arbeidsmoral
• Nytenkande og medansvarleg til å utvikle og bevare gode tenestar og arbeidsmiljø
• Ynskjeleg med erfaring innan demensomsorg, emn ikkje eit krav
Personleg egna vert lagt til grunn ved alle tilsettingar.
Vi tilbyr
Ein særs spennande stilling, kor du er med på å utvikle og påverke framtidas tenestetilbod i
Nissedal kommune
Eit godt arbeidsmiljø
Stadleg og synleg leiing som saman med tilsette finnar gode løysingar saman
Mogeligheiter for kompetansehevande tiltak, gjennom relevant vidareutdanning og
intern kompetanseheving
10 års inngangsansiennitet for høgskulepersonell
Lønn etter avtale
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest.
Kontaktinformasjon
Hannelore Skeimo, Kommunalsjef velferd, +47 92462619Arbeidsstad
Treungvegen 3983855 Treungen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommuneReferansenr.: 5123563083
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462636897
- Sist endret
