Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Kvinnherad
Fristen er utløpt

Klar for ein sommar der du utviklar deg – omgitt av fjord og fjell?

Sikkerhetspost Valen sjukehus

  • Søknadsfrist 17.6.2026
  • Ansettelsesform Sommer/Sesong

Kombiner jobb med vakker natur 🌄

Nokre somrar blir sitjande litt ekstra i kroppen. For Lars som har vore sommarvikar hos oss to år på rad, er det akkurat sånn.

Han fortel om dagar der alt skjer på ein gong, der han får følgje med, hive seg rundt, spørje og lære – men også om kor trygt det kjennest når kollegaane rundt han forklarer, viser og dreg han med i det som skjer. «Du står aldri berre på sidelinja», seier Lars , «du merkar at du trengst».

Hos oss får vere ein del av kvardagen til pasientar og pårørande, og du jobbar tett saman med andre faggrupper som tek deg inn i gjengen, gir deg trygg opplæring og er lette å spørje.

👉 Søk sommarjobb hos oss – og bli med der det skjer. Perioden gjeld frå veke 26 til og med veke 33. Vi har fire ledige stillingar på dagtid og éi ledig stilling på natt. Skriv gjerne i søknaden dersom du har spesielle ønskje når det gjeld arbeidstid.

For å oppretthalde samansetninga i personalgruppa vert menn oppmoda om å søkje. 


    Kva går jobben ut på?

    Du får mellom anna:

    • Miljøarbeid - legge tilrette for eit miljø prega av tryggleik, forutsigbarhet, anerkjenning og respekt som kan bidra til at pasientane kan kjenne betring.
    • Tverrfaglig samarbeid - arbeide saman med andre faggrupper på posten.

    Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

    • Sjukepleiar, helsefagarbeider, assistent, student (innan helse, sjukepleie eller medisin).
    • På Sikkerhetsposten er det krav at du er fyllt 20 år. 
    • Det er ønskeleg at du har erfaring frå pleie.
    • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

    Kva ser vi etter hos deg?

    Vi ser etter deg som:

    • Er glad i mennesker og ønsker å bidra til at pasientane føler seg trygge og godt ivaretatt.
    • Ser når noko må gjerast, då finn du ut av ting – anten på eiga hand eller i samarbeid med kollegaer.
    • Likar å jobbe sjølvstendig, men du er ikkje redd for å be om hjelp av kollegaene dine.
    • Trivst med å jobbe saman i team.

    Kvifor skal du velje oss?

    Hos oss får du:

    • Ein trygg start - Du får opplæringsvakter før du begynner, så du er godt førebudd.
    • Fleksibilitet - Vi finn ei stillingsstørrelse som passar for deg.
    • Gode kollegaer - Vi stiller opp for deg.
    • Variasjon i kvardagen - Du får jobbe med ulike oppgåver, ingen dagar er like.
    • God stemning på jobb – Vi har eit triveleg arbeidsmiljø.

    Tilreisande tilbys møblerte hyblar. 

    Kontaktinformasjon

    Liv Rose Olderkjær Larsen, Funksjonsleiar, +47 53466474

    Arbeidsstad

    Sjukehusvegen 26

    5451 VALEN

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


    Referansenr.: 5124506299

    Stillingsprosent: 100%

    Anna

    Søknadsfrist: 17.06.2026

    Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

    Søk her(åpnes i en ny fane)Se fullstendig annonse

    Firmaets beliggenhet

    Sjukehusvegen 26, 5451 Valen

    Kart

    Annonseinformasjon

    • FINN-kode 462633227
    • Sist endret 3.6.2026, 13:22
    Rapporter annonse