Miljøterapeut - Eining for habilitering/rehabilitering
Habilitering rehabilitering, Stranda kommune
- Frist 21.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Eining for habilitering/ rehabilitering yter miljøterapeutiske tenester til personar med samansette behov. Målet med all habilitering/ rehabilitering er at tenestemottakaren skal oppnå el. vedlikehalde eit best mogleg funksjons- eller meistringsnivå. Eininga består av Langlobøen aktivitetssenter, 4 bufellesskap, avlastningstiltak, støttekontakter og ROP (rus og psykiatri)-teneste.
Vi har ledig i 100% fast stilling som miljøterapeut med arbeid i avlastning/ambulering frå 31.08.2026.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju.
Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar,herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Den som vert tilsettmå framvise politiattest av nyare dato.
Kvifor velge oss:
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Tverrfagleg arbeidsmiljø med trivlege og engasjerte kollegaer
- Ein arbeidsplass under endring og utvikling
- Vi vektlegg tryggleik, trivsel og høg kvalitet i tenestetilbodet
- Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- Internopplæring og faste fagmøter
Kvalifikasjonar
- Krav om bachelor innanfor helse/sosialfagleg/spesialpedagogikk
- Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid med avlastningstiltak born
- Det er ønskjeleg med erfaring frå miljøterapi og ambulerande tenester
- Det er ønskjeleg med erfaring i arbeid med autismespekterdiagnose
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg er eit krav.
- Førarkort kl. B og muligheit til å dispoenere eigen bil. Køyregodtgjersle etter Staten sitt regulativ.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av helsetenester og samarbeid med andre instansar
- Miljøterapeutiske tenester til brukarar med samansatte behov
- Kartlegging, utarbeiding og oppfølging av mål og tiltaksplanar for den enkelte brukar
- Sikre kvalitet i tenesteytinga
- Ha evne til å styrke brukarane si mestringsevne
- Legemiddelhandtering i samsvar med lovverk og interne rutinar
- Eininga nytta fagsystema Profil, Compilo og SamPro
- Delta aktivt i fagutviklinga i eininga
Personlege eigenskapar
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og i team
- Du er fleksibel og handterar at arbeidsdagen er uforutsigbar
- Du har fokus på kvalitetsarbeid og utvikling av gode tenester
- Omgjengeleg og serviceinnstilt
- Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt ved tilsetting
- Du er ein god rollemodell
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Kontaktinformasjon
Helene Rimstad, Einingsleiar, +47 46411059Arbeidsstad
Kyrkjegata 136200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 5124969067
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462632057
- Sist endret



