Fast 22,5% helgestilling
Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester
- Frist 27.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Eining for psykisk helse og rustenester søkjer medarbeidar til helgestilling ved Askviknes
Bjørnafjorden kommune er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår: det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Funksjon og ansvarsområde
Å arbeida i avdelinga krev at du er sjølvstendig og trygg. Arbeidstakar skal bidra til samarbeid, kulturbygging og godt arbeidsmiljø i avdelinga. Arbeidstakar skal setje seg inn i og følgje dei gjeldande retningslinjene for arbeidet. Vidare vil vi at arbeidstakar engasjerer seg i utforming og deltek for å utvikle miljøarbeidet rundt bebuarar, og tek ansvar for å vidareformidla når behov for endring vert oppdaga.
Vi har ledig 22,54 % stilling med arbeid kvar fjerde helg. Vaktlengde er 12,5 timar dag/kveld.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan helse- og omsorg er ønskeleg
- Ønskeleg med erfaring frå tilsvarande arbeid
Personlege eigenskapar
- Sjølvstende og tydelegheit
- Evne til å samhandle godt med kollegaer og bebuarar med ulike behov
- Evne til å tileigne seg nødvendig informasjon
- Viser respekt, omsorg og empati i møte med menneske
- Personleg eignaheit vil vera avgjerande
Medarbeidar i psykisk helse og rustenester er ein som:
- Aktivt bidreg til å utvikle tenestetilbodet i tråd med gjeldande lovverk, eininga og kommunen sin visjon/misjon og verdisyn
- Har gode gjennomføringsevner og følgjer rutinar og retningslinjer
- Er pårørande-, brukar- og serviceorientert, med ei konstruktiv kommunikasjonsform
- Skaper gode relasjonar og har evne til samarbeid
- Bidreg til tryggleik for den enkelte bebuar
- Viser respekt, omsorg og empati for menneska rundt seg
- Inspirerer andre og bidreg til arbeidsglede
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
FerdigheterAI-generert
- Kunnskap om relevante lover og forskrifter
- Psykologiske helsetjenester
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg, Miljøtjenester
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
Nøkkelord
helgestilling, psykisk, helse, rustenester, miljø
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462624907
- Sist endret
