Barne- og ungdomsbibliotekar
Kultur, Stad kommune
- Frist 31.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Stad kommune har ledig 70 % fast stilling som barne- og ungdomsbibliotekar med oppstart 01.08.2026.
Stad bibliotek består av hovudbibliotek på Nordfjordeid, avdeling i Selje og filial på Leikanger. Hovudbiblioteket er eit kombinasjonsbibliotek med folkebibliotek og skuleboksamling for Eid vidaregåande skule. Biblioteket ligg i Operahuset Nordfjord, og er samlokalisert med Eid frivilligsentral og Eid vidaregåande skule.Arbeidsoppgåver
Som bibliotekar ved Stad bibliotek inngår du i eit kollegium som saman skal utvikle bibliotektenestene i Stad kommune, oppfylle biblioteklova sine krav og skape leseglede og gode møteplassar.
- Du er ein del av den daglege drifta og utfører bibliotekfagleg arbeid i avdelinga, med særskilt ansvar for barn og ungdom
- Du skal jobbe for å skape leselyst og leseglede blant born og unge
- Du har ansvar for formidling til born og unge 0-19 år, både i biblioteket, på skular, barnehagar, avdelingar og filialar
- Du tek del i planlegging og gjennomføring av aktivitetar, arrangement og utstillingar
- Du bidreg til å skape ein trygg og god møteplass for born og unge, med varierte aktivitetar
- Du formidlar både munnleg og skriftleg, fysisk og digitalt
- Du er ein del av skrankevaktturnusen på hovudbiblioteket. Arbeid på filialar og avdelingar må påreknast
- Stad bibliotek er ein dynamisk arena, og andre arbeidsoppgåver kan kome til ved behov
Kvalifikasjonar
Utdanning:
- Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitenskap, eller tilsvarande relevant utdanning til dømes innanfor litteratur, kultur eller formidling
Erfaring og kunnskap:
- God kjennskap til og interesse for barne- og ungdomslitteratur
- Gode formidlingsevner både munnleg og skriftleg, fysisk og digitalt
- Erfaring frå bibliotek- og/eller formidlingsarbeid er ein fordel
- Du må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Erfaring med arrangementsavvikling er ein fordel
- Erfaring med sosiale medium og marknadsføring er ein fordel
- Du må ha gode IT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er ein positiv og raus lagspelar
- Du er utadvendt og serviceinnstilt
- Du jobbar sjølvstendig, løysingsorientert og har god gjennomføringsevne
- Du har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
- Du kan planlegge og organisere arbeidet effektivt
- Du er utviklingsorientert og endringsvillig
Det vil bli lagt vekt på at du er personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyr
- Eit bibliotek i utvikling
- Eit aktivt kulturkollegium med operahus, kino, kulturskule, frivilligsentralar og kulturarv
- Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
- Løn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Det vil bli lagt vekt på stabilitet, kontinuitet og referansar ved tilsetjing.
Vi ber om at søkjarane lastar opp arbeidsattestar og vitnemål saman med søknaden. Stad kommune har seks månader prøvetid.
For nærare opplysningar om stillinga, kontakt fagleiar bibliotek Janne Mari Hjelle, tlf. 97096997 eller kultursjef Geir Holmen, tlf. 90779933.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Kontaktinformasjon
Janne Mari Hjelle, Fagleiar bibliotek, 970 96 997, janne.mari.hjelle@stad.kommune.noGeir Holmen, einingsleiar kultur, 90 77 99 33
Arbeidsstad
Sophus Lie-vegen 36770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5117312070
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 31.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462613877
- Sist endret

