Barne og ungdomsarbeidar
Monsanut barnehage, Time kommune
- Frist 15.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Arbeidsoppgåver
Det er ledig 60% fast stilling for en Barne og ungdomsarbeidar.
I tillegg er det eit vikariat på 20% for barnehageåret 2026-2027. Totalt 80%.
Vi ønsker en medarbeidar som kan legge til rette for en trygg oppvekst med omsorg, leik, læring og aktivitetar som stimulerer til livsglede og undring.
-Arbeida målretta i tråd med lovverk og barnehagen sitt eige planverk i nært samarbeid med dei andre tilsette på avdelinga og i barnehagen
-Arbeida i tråd med barnehagen sitt barnesyn
-Arbeida for eit trygt og godt barnehagemiljø for både enkelt barn og barnegruppe, foreldre og tilsette
-Foreldresamarbeid på avdelinga
-Skapa trivsel og utvikling, for både barn, personalet og føresette
-Er aktiv saman med barna i kvardagen
Kvalifikasjonar
- Godkjent fagbrev barne- og ungdomsarbeidar.
- Gode digitale ferdigheiter
- Gode norske språkferdigheiter - både skriftlege og munnlege. For jobb i barnehage er det språkkrav etter barnehagelova §27 og §28
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Me tilbyr
- Eit godt inkluderande arbeidsmiljø
- Du får ansvar og medverknad
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Der det er lovkrav om det, må politiattest registrerast før første arbeidsdag tar til.
Kontaktinformasjon
Berit Time Bø, Styrar, 95212332, berit.time.bo@time.kommune.noArbeidsstad
Grasdalen 24347 Lye
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 5121977104
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 17.08.2026
Søknadsfrist: 15.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462515160
- Sist endret


