Rådgjevar, Landbruk
Osterøy kommune
- Frist 29.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi har fast stilling ledig hjå oss!
Osterøy kommune har ledig fast stilling som landbruksrådgivar. Vi treng ein fagleg trygg og engasjert medarbeidar, som vil vere med å styrke landbruksforvaltninga i kommunen. Stillinga er ledig frå 15. august 2026.
Fast stilling på eining Landbruk og Miljø
Arbeidsoppgåver
- Fagleg rådgiving og rettleiing til innbyggjarar og næringsutøvarar innan jord- og skogbruk.
- Saksbehandling etter landbrukslovgivinga, mellom anna deling, omdisponering, konsesjon og bu- og driveplikt.
- Saksbehandling, kontroll og rettleiing innan landbruket sine tilskotsordningar.
- Oppfølging av tiltak knytt til miljø, vassforvaltning og forureining frå landbruket.
- Deltaking i prosjektarbeid, planprosessar og tverrfagleg samarbeid internt og eksternt.
Kvalifikasjonskrav
Krav om:
- Landbruksfagleg utdanning på minimum bachlornivå. Relevant og god erfaring frå landbruksforvaltning eller rådgiving kan kompensere for utdanningskravet, til dømes saksbehandling på landbruksavdeling i andre kommuner eller hjå statsforvaltar.
- Svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
- Førarkort klasse B.
Ønskeleg:
- Relevant arbeidserfaring innan landbruksforvaltning, rådgiving eller næringsarbeid.
- Erfaring frå offentleg saksbehandling innan aktuelt regelverk.
- God digital kompetanse og evne til å arbeide strukturert i ulike fagsystem.
Personlege eigenskapar:
- Du arbeider sjølvstendig, strukturert og tek ansvar for eigne oppgåver.
- Du kommuniserer tydeleg og har gode samarbeidsevner.
- Du er løysingsorientert, serviceinnstilt og trivst i kontakt med folk.
- Personlege eigenskaper vil bli vektlagd.
Vi tilbyr
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver på eit viktig fagområde for kommunen.
- Godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og høve til fagleg utvikling.
- Fleksibel arbeidstid og høve til heimekontor.
- Løn etter avtale og gjeldande regelverk.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglY
Spørsmål om stillinga
- Du sender søknad, CV, atteser/tjenestebevis og vitnemål elektronisk via lenken "Søk stillingen" på denne siden.
- Har du spørsmål om utfylling av elektronisk søknad, kan du kontakte Jobbnorge på telefon 75 54 22 20.
- Mangfald er viktig for Osterøy kommune. Alle som er kvalifiserte blir oppmoda til å søke hjå oss.
FerdigheterAI-generert
- Landbruksrådgivning
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Dyr og dyrehelse, Jordbruk og skogbruk, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Agronom, Rådgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462474291
- Sist endret

