Undervisningsstilling Elektrofag/automasjon - fast
OPK-ST - Stord vgs, Vestland fylkeskommune
- Frist 18.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Stord vgs. er ein framtidsretta og mangfaldig regionskule med breitt fagtilbod. Me tilbyr ei rekkje yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram, opplæring for vaksne, innføringstilbod, og me er i tillegg knutepunktskule for individuelt tilrettelagt opplæring. Stord vidaregåande skule ligg flott plassert midt i sentrum av Leirvik, med eitt skulebygg på Saghaugen og eit heilt nytt og moderne skulebygg på Vabakkjen. Skulen har lange tradisjonar for tett og godt samarbeid med næringslivet og bidreg med dette til å utvikla regionen.
Stord vgs. er skulen som førebur deg for framtida – FRAMTIDA LIGG OPEN
Skulen har inntil 200 % fast stilling innan Elektro og datateknologi. Me søkjer deg som har relevant kompetanse innan elektro eller automasjonsfag og som er nyfiken på ny teknologi.
Arbeidsoppgåver
- Planleggja, gjennomføra og evaluera undervisning
- Oppfølging, rettleiing og vurdering av elevar i praksis
- Samarbeida med andre på skulen
- Samarbeid med næringsliv og opplæringskontor om formidling av læreplass til elevane
- Halde seg orientert om utvikling i bransjen og i fag- og yrkesopplæringa
Kvalifikasjonar
- Me søkjer deg som har bakgrunn frå elektrofag eller automasjonsfag, gjerne erfaring med opplæring av andre
- Fagbrev/sveinebrev i det aktuelle faget, samt 4 års yrkespraksis etter fullført utdanning
Alle undervisningsstillingar krev relevant fagleg og praktisk utdanning. Fylkeskommunen legg til rette for å ta yrkesteori og pedagogikk i stillinga. Søkjarar som ikkje oppfyller krava, kan tilsetjast på vilkår. Den som vert tilsett i Vestland fylkeskommune må leggja fram godkjent politiattest.
Personlege eigenskapar
- Har gode evner til å kommunisera, rettleia og motivera
- Kan arbeida både sjølvstendig og saman med andre
- Likar å omgåast ungdom
- Er systematisk og nøyaktig
Vi tilbyr
- Lønn og lønnsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
- Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Engasjert fag- og arbeidsmiljø
- Spennande arbeid i samspel med elevar, føresatte og kollegaer
Kontaktinformasjon
Per Inge Stensletten, avdelingsleiar, 99453450Arbeidsstad
Vikastemmo 355411 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5120161672
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462381692
- Sist endret
