Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Stord
Fristen er utløpt

Driftsleiar/elektroingeniør

Sunnhordland Kraftlag AS

  • Frist 14.5.2026
  • Ansettelsesform Fast

Driftsleiar/elektroingeniør

Ynskjer du å jobba med fornybar energi? SKL er eit selskap med ein klar vekst- og satsingsstrategi for vass- og vindkraft- midt i hjarta av Sunnhordland!

Me søkjer driftsleiar for høgspentanlegg for små vasskraftverk og større og mindre vindkraftanlegg.

Du vil høyra til Avdeling teknisk drift og vedlikehald, som består av teknisk personell.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Driftsleiaransvar for SKL sine vindkraftverk.

  • Overordna ansvar for elsikkerheit ved spesifikke anlegg.

  • Vedlikehaldsplanlegging elektrofag og oppfølging av arbeidet.

  • Oppfølging av internkontroll og sikkerheitstiltak.

  • Teknisk dokumentasjon og el-skjema.

  • Kommunikasjon og samarbeid med eksterne leverandørar og samarbeidspartnarar.

Kvalifikasjonskrav:

  • Elektroingeniør eller teknikar (minimum teknisk fagskule).

  • Godkjent elektroinnstallatørprøve.

  • Elektrofagleg kompetanse på både høg- og lågspenningsanlegg.

Det er ein fordel om du:

  • Har god kjennskap til høgspenningsanlegg opp til spenningsnivå 420kV.

  • Har erfaring som driftsleiar/fagleg ansvarleg elektro.

  • Har erfaring med større transformatorar og apparatanlegg.

  • Har erfaring frå vind- eller vasskraft.

  • Har allsidig interesse for praktisk ingeniørarbeid, digitalisering og analyse.

  • Er løysingsorientert, arbeider strukturert og sjølvstendig.

  • Har sertifikat klasse B.

  • Er open for å ha ein fast oppmøtestad, men er klar for å utføra arbeid på mange ulike lokasjonar.

Me tilbyr:

  • Du får arbeida i samfunnskritisk bransje.

  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, kor tilsette trivst godt.

  • Ein fleksibel arbeidskvardag.

  • Gode lønns-, pensjons- og velferdsordningar.

Om du blir tilbydd jobben, vil det bli utført bakgrunnssjekk i samsvar med Kraftberedskapsforskriften.

Nysgjerrig?

Har du spørsmål eller ynskjer ein uforpliktande samtale om stillinga? Ta kontakt med avdelingsleiar Eirik Pedersen Ulvenes på telefon 97556134

Om arbeidsgiveren

Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er blant dei største produsentane av rein energi frå vass- og vindkraft i Noreg. SKL produserer årleg omlag 3 200 GWh i Vestland og Rogaland fylke. Hovudkontoret er på Stord, med avdelingar i Matre, Kvinnherad og Litledalen, Etne. SKL har stort fokus på vekst innan fornybar energi og har fleire vasskraftverk under bygging og planlegging. SKL eig òg fleire vindkraftanlegg, inkludert Midtfjellet Vindkraft i Fitjar kommune.

  • Sektor: Privat
  • Sted: Lønningsåsen 2, 5401 Stord
  • Bransje: Elektronikk, Kraft og energi
  • Stillingsfunksjon: Elektroingeniør, Ingeniør
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

driftsleiar, elektroingeniør, fornybar energi, vindkraft, høgspentanlegg

(1/4)

  • Bilde 1 av 4 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 2 av 4 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 3 av 4 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 4 av 4 i jobbannonse-galleriet
Sunnhordland Kraftlag AS logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Eirik Pedersen Ulvenes
  • Stillingstittel: Avdelingsleiar teknisk drift og vedlikehald
  • Mobil: 97 55 61 34
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Sunnhordland Kraftlag AS
  • Hjemmeside

55 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Lønningsåsen 2, 5401 Stord

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 459094899
  • Sist endret 27.5.2026, 00:01
Rapporter annonse