Her er du

FINN/Jobb/Søk/Møre og Romsdal/Haram
Fristen er utløpt

Avdelingsleiar Eidet omsorgssenter

Haram omsorgstenester, Haram kommune

  • Frist 24.5.2026
  • Ansettelsesform Fast

Vi søkjer etter ein engasjert avdelingssjukepleiar som er oppteken av leiing, fagutvikling og kompetanseutvikling i 100% fast stilling. Arbeidstid er for tida på dagtid med 37,5 t/veke, og med avtale om fleksitid.

Eidet Omsorgssenter er ein institusjon som driftar langtids- og demensplassar. Det er tett samarbeid på tvers av tenestenivåa og i leiarteamet. Den aktuelle stillinga er for tida knytt til avdeling 2, som består av 22 langtidsplassar. Eidet Omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legg til rette for at dei tilsette har gode arbeidsvilkår og at brukarane mottek gode tenestar.

Kommunen er i gang med eit arbeid knytt til ny institusjonsstruktur, som vil vere svært positivt for innbyggjarar med behov for helse- og omsorgstenester. Dette er ein spennande og utviklande prosess der ein får høve til å vere tett på endring og fagleg utvikling. Avdelinga har oppgåvedeling etter TØRN-modellen, og kommunen har over tid arbeidd målretta med betre tenesteflyt. Som avdelingsleiar vil du få ei sentral rolle i vidareutviklinga av framtidsretta og berekraftige tenester

Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode og målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i
kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.


Arbeidsoppgåver

  • Mellomleiar med ansvar for dagleg, fagleg drift og personalansvar
  • Leie og utvikle avdelinga i samsvar med vedtekne mål, budsjett, planar og overordna kommunale
    føringar
  • Leie og utvikle avdelinga i samsvar med kommunen sine satsingsområde
  • Leggje til rette for ein god dialog med brukarar, pårørande og andre delar av tenestetilbodet i
    kommunen
  • Leggje til rette for eit godt samarbeid og skape aktive og motiverte tilsette

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i sjukepleie eller anna relevant helse-/-sosialfagleg utdanning
  • Vidareutdanning i leiing/villig til å ta vidareutdanning i leiing
  • Erfaring som leiar er ønskjeleg, men ikkje eit krav
  • Beherske norsk som arbeidsspråk, både munnleg og skriftleg
  • God kjennskap til, og forståing for kommunen sine oppgåver er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Vere engasjert i fag og leiing
  • Evne til sjølvstendig, målretta, kreativt og innovativt arbeid
  • Løysingsorientert med høg gjennomføringsevne
  • Kunne sette deg raskt inn i nye oppgåver
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Evne til å skape tillit, lytte og til å vere til stades
  • Fleksibel, nytenkande og løysningsorientert
  • Evne til å bygge nettverk, gode samarbeidsevner og like å jobbe i team
  • Trivast å jobbe med menneske og like å rettleie andre 

Vi tilbyr

  • Fleksitid
  • Eit godt og engasjert fagmiljø der vi er opptekne av utvikling og velferdsteknologi
  • Eit godt samarbeidsklima i leiarteamet
  • Ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i ein framoverlent
    kommuneorganisasjon
  • Lønn etter avtale
  • God pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Maria Elizabeth Marthinussen, Tenesteleiar, 94051001, maria.elizabeth.marthinussen@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Trolldalssletta 12

6264 Tennfjord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune


Referansenr.: 5117192205

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.05.2026

Søknadsfrist: 17.05.2026

Denne annonsen er hentet fra NAV / Arbeidsplassen.no

Søk her(åpnes i en ny fane)Firkant med pil som peker oppover mot høyreSe fullstendig annonseFirkant med pil som peker oppover mot høyre

Firmaets beliggenhet

Trolldalssletta 12, 6264 Tennfjord

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 462375028
  • Sist endret 13.5.2026, 09:36
Rapporter annonse