Ledig stilling som Kantor/Organist/ Kyrkjemusikar (100%) i Tysvær kyrkjelege fellesråd
Tysvær Kyrkjelege Fellesråd
- Frist 10.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Tysvær kyrkjelege fellesråd har frå 1.9.2026 ledig 100 % stilling som kantor/organist/kyrkjemusikar, med hovudarbeidsområde Førresfjorden Sokn og Nedstrand Sokn. Vi søkjer ein person som kan leie og vidareutvikle det kyrkjemusikalske arbeidet i kyrkjelydane.
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar
· Utdanning iht. kvalifikasjonskrav for kantor/kyrkjemusikar.
· Søkarar med anna relevant musikalsk utdanning og erfaring blir og vurdert for stillinga, då på lik linje med dei med formell kyrkjemusikalsk utdanning.
· Beherskar liturgisk spel.
· God kjennskap til Den norske kyrkja sin liturgi og salmetradisjon.
· Engasjement og evne til å bygge opp, leie og rekruttere til kyrkjemusikalsk arbeid for vaksne, barn og ungdom.
· Beherske skriftleg og munnleg norsk.
· Kunne bruke digitale verktøy i sitt daglege arbeid.
· Den som vert tilsett må disponere eigen bil og ha førarkort kl. B. Kjøregodtgjering vert ytt etter statens regulativ.
· Den som vert tilsett må være medlem av Den norske kyrkja. Det kan søkast dispensasjon for kravet om medlemskap
· Det vil bli kravd tilfredsstillande politiattest jf. Lov om tros- og livssynssamfunn § 20
Personlege eigenskapar
· Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og fleksibilitet.
· Gode samarbeidsevner.
· Evne til å sjå det musikalske saman med anna menighetsarbeid.
· Det vil vere viktig med eit godt samarbeid med kyrkjelyden sine utval, frivillige og tilsette.
· Evne til å byggje gode relasjonar.
· Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
· Evne til å arbeide strukturert.
· Allsidighet og erfaring med ulike stilartar og musikalsk uttrykk er ynskjeleg.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver
· Planleggje og gjennomføre gudstenester, gravferder og vigsler saman med andre tilsette.
· I samarbeid med frivillige og andre tilsette planleggje og gjennomføre andre arrangement og konsertar
· Bidra i kyrkjelyden sitt menighetsarbeid, herunder konfirmantarbeid og korarbeid.
· Andre oppgåver etter avtale
Vi tilbyr
Vi tilbyr
-
Lønn etter tariffavtale i KA-området.
-
Medlemskap i KLP
-
Ønske du å jobbe i ein lågare stillingsprosent enn 100% vil det og bli vurdert.
-
Kjekke kollegaer
-
Gode instrumenter; Orgelet i Aksdal Kyrkje er eit Ryde, 13 stemmers orgel. I Førre er orgelet eit Jehmlich-orgel, 14 stemmers. Orgelet i Nedstrand Kyrkje er eit Christensen og Sønner, 14 stemmers orgel og i Skjoldastraumen er det eit Gustavsen, 8 stemmers orgel.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 462350059
- Sist endret
