Dagleg Leiar Lindås Idrettslag
Lindås Idrettslag
- Frist 1.6.2026
- Ansettelsesform Prosjekt
Dagleg leiar -- Lindås Idrettslag
Lindås Idrettslag (LIL) søkjer ein engasjert, strukturert og utviklingsorientert dagleg leiar som vil vere med å styrkje og vidareutvikle laget som ein sentral møteplass i lokalsamfunnet.
LIL er eit fleiridrettslag med om lag 850 medlemmar fordelt på ni idrettar: fotball, handball, trim, tur, turn, discgolf, idrettsskule, volleyball og klatring. Dei ulike gruppene har eigne gruppestyrer med ansvar for aktivitetane. Klubben er inne i ei spennande utviklingsfase, med fokus på både sportsleg og organisatorisk vekst.
Lindås Idrettslag er ein frivillig, medlemsbasert organisasjon driven i tråd med retningslinjene frå Norges idrettsforbund. Vår visjon er: <>
Stillinga er ei toårig prosjektstilling i inntil 100% stillingsprosent, med moglegheit for fast tilsetjing etter prosjektperioden.
🔧 Arbeidsoppgåver
Som dagleg leiar har du det overordna ansvaret for den daglege drifta av idrettslaget, og skal vere ein pådrivar for vidare utvikling av organisasjonen.
-
Leie klubb- og organisasjonsutvikling
-
Økonomiansvar
-
Iverksetje vedtak frå styret
-
Vere kontaktpunkt mot kommune, krets, forbund og samarbeidspartnarar
-
Leie marknads- og sponsorarbeid, samt søkje tilskot og støttemidlar
-
Sikre god dagleg drift og administrasjon
-
Koordinere samarbeidet mellom styret, trenarar og frivillige
-
Vidareutvikle aktivitetstilbod og arrangement
-
Ansvar for medlemsregister og kommunikasjon
👤****Kvalifikasjonar
-
Relevant høgare utdanning er ønskjeleg (relevant erfaring kan kompensere)
-
Erfaring frå leiing, administrasjon eller breiddeidrett
-
God forståing for økonomistyring
-
Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
-
Gyldig politiattest er eit krav
💡 Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein leiar som evnar å skape engasjement og få ting til å skje:
-
Engasjert, initiativrik og løysingsorientert
-
Dyktig relasjons- og nettverksbyggjar
-
Strukturert og sjølvstendig med god gjennomføringsevne
-
Serviceinnstilt og tilgjengeleg for medlemmar og grupper
-
Kommersiell forståing og evne til å skape verdi gjennom samarbeid
🎯****Vi tilbyr
-
Ei sentral rolle i eit idrettslag i utvikling
-
Moglegheit til å påverke aktivitetstilbod og organisasjon
-
Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
-
Fleksibel arbeidstid (noko kvelds- og helgearbeid må påreknast)
-
Deltaking på relevante kurs og samlingar
-
Løn etter avtale, med mogleg bonusordning
-
Pensjonsordning
-
Gode kontor og møte lokaler
📩****Spørsmål om stillinga
Ta kontakt med:
-
Henrik Lindås, styreleiar
-
📞 97 60 40 92
-
📧 leiar@lindasil.no
-
Søknadsfrist: 01.06.26
-
Intervjuer blir gjort fortløpende
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461915199
- Sist endret

