Helsefagarbeidar- 100 % mellombels stilling - heimebaserte tenester
Tysnes kommune
- Frist 20.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Me i heimebaserte tenester søker ein dyktig kollega til ledig stilling som helsefagarbeidar. Stillinga er ei 100 % mellombels stilling frå 01.07.2026 til 30.06.2027. Me gjev helsehjelp til menneske i alle faser i livet og legg til rette for at innbyggarane kan bu trygt og godt i eigen heim så lenge som mogleg.
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag, med høve til å jobbe sjølvstendig og i team - alltid med brukaren i sentrum. Me tilbyr god opplæring, rettleiing og fagleg utvikling gjennom kurs, internundervisning og refleksjoner i kollegagruppa.
Du blir ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø der latteren sit laust, og der me samarbeider godt, støtter kvarandre og finn løysinger saman i ein travel og variert arbeidskvardag.
Arbeidsoppgåver
Oppgåver i heimetenesta:
- Utføre praktisk sjukepleie- og omsorgsoppgåver i samsvar med planer og individuelle behov.
- Fremje brukaren si eigenmeistring og bidra til tryggheit og livskvalitet i kvardagen.
- Planlegge, vurdere og koordinere tenester, samt iversette mål og tiltak i samarbeid med brukere og pårørande.
- Delta aktivt i fagutvikling og kvalitetsarbeid.
- Dokumentere og rapportere i fagsystema.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonskrav
Me ser etter deg som:
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar, omsorgsarbeidar.
- Erfaring med brukargruppa og arbeid med pårørande i alle aldrer.
- God kjennskap til velferdsteknologi.
- Har førarkort klasse B.
- Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg.
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, jf. helse- og omsorgstenesteloven § 5-4.
Utfylling av eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose er påkrevd.
Personlege eigenskapar
Me legg stor vekt på personlege eigenskapar og ser etter deg som:
- bygger tillit og gode relasjoner med kollegaer, brukere og pårørende.
- er løysingsorientert og er vant til å jobbe med fokus på individuelt tilpassa tenester.
- ser og forstår heilskap i brukarane sin situasjon og er vant til å vurdere omsorgsnivå.
- er fleksibel og god på å prioritere oppgåver.
- er ein god lagspelar som også trivst med å jobba sjølvstendig..
- har gode haldninger, skaper arbeidsglede og bidreg til gode endringsprosesser.
Kvifor skal du jobba hos oss?
Blir du motivert av å jobbe på ein arbeidsplass der me saman skal gje gode helsetilbod og verdige rammer for våre brukarar? Då trur me du vil trivast hos oss!
Hos oss blir du ein del av ei personalgruppe med høgt fagleg fokus. Du vil få god opplæring med fokus på fagleg kvalitet. Me tilbyr ein variert og lærerik arbeidskvardag der du får utfordre deg sjølv, utvikle kompetansen din og bidra til noko som betyr noko. Du vil oppleve eit trygt og støttende arbeidsmiljø der trivsel og samarbeid står i sentrum.
Hos oss får du rammer som sikrer deg ei fornuftig balanse mellom jobb og fritid gjennom årsturnus. Turnusen er to-delt, med arbeid i snitt kvar 3.helg.
Tysnes kommune legg vekt på å skape helsefremjande arbeidsplasser, og som tilsett hos oss blir du ein viktig del av satsinga vår på kvalitet og tryggleik i eldreomsorga.
Medlemskap i KLP føl med tilsetjing. Det betyr at du får blant ein av Noregs beste pensjonsordninger og høve til å søka om bustadlån med gunstige betingelsar.
Du blir tilsett i sjukepleiar-stilling, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinnene går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlinger. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringer.
Informasjon til søkar
Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.
Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.
Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461883633
- Sist endret


