Kommuneoverlege
Vaksdal kommune
- Frist 18.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Om stillinga
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
Personlege eigenskapar
Vaksdal Kommune kan tilby
Vaksdal kommune søkjer ein fagleg sterk og engasjert kommuneoverlege i 50 % stilling. Kommuneoverlegen er kommunen sin øvste medisinskfaglege rådgjevar og er organisatorisk plassert direkte under kommunedirektøren.
Stillinga har ei sentral rolle i utviklinga av kommunen sitt samfunnsmedisinske arbeid, og gir gode moglegheiter til å påverke både strategisk og operativt nivå.
Det er høve til å kombinere stillinga med offentleg allmennmedisinsk arbeid i kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Vere medisinskfagleg rådgjevar for kommunedirektøren og kommunen si leiing
- Ha ansvar for smittevern, inkludert oppdatering og oppfølging av smittevernplan
- Utføre oppgåver innan miljøretta helsevern
- Bidra i kommunen sitt folkehelsearbeid, inkludert oversiktsarbeid etter folkehelselova
- Delta i beredskapsarbeid og krisehandtering
- Samarbeide med fastlegar, legevakt, spesialisthelsetenesta og andre samarbeidspartnarar
- Utføre andre samfunnsmedisinske oppgåver etter behov
Andre delegerte oppgåver frå kommunedirektør
Kvalifikasjonskrav
- Norsk autorisasjon som lege
- Spesialist i samfunnsmedisin, eller under spesialisering (relevant erfaring kan kompensere)
- Kjennskap til offentleg helsearbeid og relevant lovverk
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Politiattest vil bli påkrevd
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- God rolleforståing og gjennomføringsevne
- Interesse for samfunnsmedisinske problemstillingar
- Du arbeider godt under press og har god prioriteringskompetanse
Vaksdal Kommune kan tilby
- Ei viktig og meiningsfull rolle med stor påverknadskraft
- Fleksibilitet og moglegheit for å kombinere med klinisk arbeid
- Moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461881468
- Sist endret

