Overlege i barne- og ungdomspsykiatri
Helse Bergen HF
- Frist 10.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Overlege i barne- og ungdomspsykiatri
Er du ein av våre nye overlegar i klinikk psykisk helse barn og unge i Bergen? Vi søker to nye kollegaer som ønsker å jobbe saman med oss.
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge har 7 allmenne poliklinikkar. Dei enkelte poliklinikkane ergeografisk plassert og dekker alle kommunar i Helse Bergen sittopptaksområde. I tillegg har vi tre sengepostar, spesialpoliklinikk og ambulante tenester. Stillingane som er ledige er p.t på poliklinikk.
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge si hovudoppgåve er å tilby barn og unge og familiane deira den beste behandlinga og oppfølginga. I tillegg legg vi vekt på samarbeid med aktørar internt i Helse Bergen, med våre kommunar og Bufetat, for å tilby gode, koordinerte tenester. Klinikken har utvikla gode rutinar for kunnskapsbasert praksis, fleire spesialiserte fagmiljø og innovative tilbod. Vi legg til rette for klinikknær forsking og innovasjon. Det er stor vitskapleg aktivitet i klinikken.
Vi ser etter deg som er engasjert, ansvarleg, løysingsorientert og bidrar til eit fagleg spennande og inkluderande arbeidsmiljø. Dersom du synes dette høyrest spennande ut ser vi fram til å høyre fra deg.
Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram merknadsfri politiattest (vandel) jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Arbeidsoppgåver
- Overordna medisinsk ansvar i samarbeid med andre overlegar i seksjonen
- Utgreiing og diagnostisering
- Behandling - individuelt, familiar og grupper
- Psykoedukasjon
- Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
- Rettleiing og undervisning
- Delta i klinikken sin rullerande vaktordning, heimevakt p.t.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Lege som er nær godkjent spesialitet
- Norsk spesialistgodkjenning i psykiatri, fortrinnsvis som barne - og ungdomspsykiatri
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner og trivast i eit aktivt og tverrfagleg miljø
- Ein god teamarbeidar og vera samarbeidsvillig
- Er engasjert og faglig oppdatert
- Du må bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå med spennande faglege utfordringar
- Triveleg arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Barnepsykiatri
- Generell Godkjenning av Utenlandske Utdanning
- Norsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Overlege
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Overlege, Spesialisthelsetjeneste, Psykiatri, barne- og ungdomspsykiatri
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460874255
- Sist endret


