Fagarbeidar/pleiemedarbeidar
Volda kommune, Heimeteneste
- Frist 17.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Frå 01.06.2026 er det ledig ei 75 % stilling som fagarbeidar. Det vert òg opna for at pleiemedarbeidarar kan søkje.
Stillinga har for tida base ved ambulerande heimetenester, Volda sentrum og turnus med arbeid på dag, kveld og kvar tredje helg.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåvene er å yte helse- og omsorgstenester til heimebuande.
Som fagarbeidar eller pleiemedarbeidar vil du møte brukarar med ulike behov. Du skal bidra til god omsorg, observasjon av brukaren sin tilstand og utføring av pleie- og omsorgsoppgåver i tråd med gjeldande rutinar og tiltaksplanar.
Pleie og praktiske oppgåver vert utført ut i frå tiltaksplan for den enkelte brukar, og kan til dømes omfatte bistand til personleg pleie, forflytting og tilrettelegging ved måltid.
Kvar einskild tilsett har ansvar for å medverke til godt samarbeid og eit positivt arbeidsmiljø.
For fagarbeidarstillinga inngår særleg ansvar for observasjon og dokumentasjon av brukaren sin helsetilstand, samt å setje i verk og fylgje opp naudsynte tiltak i samarbeid med anna helsepersonell. Fagarbeidar kan òg få ansvar for rettleiing av pleiemedarbeidarar og lærlingar/elevar.
Dokumentasjon i pasientjournal er ein viktig del av arbeidet.
Kvalifikasjonar
- Det krevast autorisasjon ved tilsetjing av helsefagarbeidar.
- Erfaring frå tilsvarande arbeid vert vektlagt
- Beherske norsk flytande, både munnleg og skriftleg
- Ha alminnelege datakunnskapar
- Ha gode evner til kommunikasjon og samarbeid
- Vi legg vekt på gode grunnleggande fagkunnskapar, inkludert god observasjonsevne
- Må kunne leggje fram tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, før oppstart i arbeid
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Likar å arbeide med brukarar i alle aldersgrupper
- Trivast med å arbeide sjølvstendig
- Har god evne til å gjere observasjonar og vurderingar, samt å setje i verk nødvendige tiltak
- Tek initiativ og viser ansvar i arbeidet
- Har godt humør og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
- Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetting
Vi tilbyr
- Løn etter tariff
- Sjølvstendig og variert arbeid
- God opplæring, rettleiing og støtte, slik at medarbeidarane er trygge og kompetente til å yte tenester av høg kvalitet
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med god kollegastøtte
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Internundervisning og fagleg påfyll, samt tilgang til e-læringkurs frå Visma Glup
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Ingeborg Mork Håskjold, Seksjonsleiar, 90 06 94 73Vegar Batts, Seksjonsleiar, 90 08 99 47, vegar.batts@volda.kommune.no
Elsebeth Melle, Avdelingsleiar, +47 91130521
Arbeidsstad
Barstadmarka 26102 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 5122294068
Stillingsprosent: 75%
Fast
Søknadsfrist: 17.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461880185
- Sist endret
