Norsk Koordineringssenter for Blodberedskap, sjukepleiar/bioingeniør
Helse Bergen HF
- Frist 27.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Norsk Koordineringssenter for Blodberedskap, bioingeniør
Helse Bergen har fått i oppdrag frå Helse Vest, på vegne av Helse og omsorgsdepartementet, å leie eit nasjonalt arbeid med å sikre forsyningstryggleik av blod og blodprodukt i Noreg. Det er difor etablert eit koordineringssenter for blodberedskap. Sentrale oppgåver for senteret er å vere eit interregionalt militært-sivilt samhandlingspunkt, etablere kurs og rutinar for sivil-militær blodberedskap, drive rådgjeving rundt utarbeiding av beredskapsplanar, logistikk, retningslinjer og prosedyrar, utvikling av blodprodukt, med meir. Senteret rapporterer til det nasjonale fagdirektørmøtet med årsplan og årsrapport.
Vi søker etter ein bioingeniør til senteret som skal delta i dagleg drift. Bioingeniøren vil ta del som kurshaldar lokalt og nasjonalt og delta i etablering av nødblodgivarkorps, tappestasjonar og vandrande blodbankar. Bioingeniøren skal også utføre laboratoriearbeid tilknyttet utviklings og forskningsprosjekter som gjennomføres i senteret.
Stillinga vil innebere samarbeid med helseføretak i heile landet samt med militære fagmyndigheiter. Senteret samarbeider med internasjonale partnarar i Norden og andre land.
Stillinga høyrer organisatorisk til Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Laboratorieklinikken.
Arbeidsoppgåver
- Delta i den daglege drifta ved senteret jamfør mandat gitt av dei regionale helseføretaka. Dette inkluderer blant anna operativ rolle som nasjonalt kontaktpunkt for blodberedskap og koordinering av sivil-militær blodforsyning i krise og krig
- Delta i undervisning og kursing i og utanfor regionen
- Delta i etablering av nødblodgivarkorps, tappestasjonar og vandrande blodbankar både sivilt og militært
- Bidra i senteret sin kvalitets-, innovasjons-, forskings- og utviklingsaktivitet
- Aktivt utoverretta aktivitet med samarbeidspartnarar
- Reising må påreknast
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Erfaring innan transfusjonsmedisin
- Det er ønskeleg med erfaring med tapping og intervju av blodgivere
- Det er ønskeleg med erfaring med laboratoriearbeid
- Det er ønskeleg med erfaring med undervisning
- Det er ein fordel med erfaring med prosjektarbeid og forsking
- Må meistre norsk og engelsk godt både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
- Du har eit godt lag med folk, og får fram det beste i dine medarbeidarar
- Du ivaretar dine medarbeidarar slik at alle kan ha ein trygg og god arbeidskvardag
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta, strukturert og er resultatorientert
- Du har gode kommunikasjonsevner og arbeider godt både sjølvstendig og i team
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
- Du toler å stå i krevande situasjonar
- Du viser tillit, respekt og fagleg tryggleik
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldane overenskomst
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Eit aktivt og triveleg miljø
- Høgt fagleg nivå
- Kontinuerlig faglig utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
FerdigheterAI-generert
- Bioingeniørfaglig kompetanse
- Blodbankvirksomhet
- Blodoverføring
- Engelsk
- Norsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør, Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Sykepleier, Bioingeniør, Norsk Koordineringssenter, Blodberedskap
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461872109
- Sist endret






