Bli miljøterapeut hjå oss – to 100 % vikariat ledige
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
- Frist 20.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du jobbe målretta med miljøterapi og bidra til ein meiningsfull kvardag for menneske med funksjonsnedsettingar?
Vi søkjer miljøterapeutarEr du interessert i målretta miljøarbeid, er engasjert i faget og ynskjer deg eit engasjerande fagmiljø?
Vi har ledig 2 vikarstillingar, begge på 100%. Hjå oss kan du som fagansvarleg vere med på å gje personar med funksjonsnedsettingar ein meiningsfull kvardag. Som fagansvarleg vil du ha ansvar for fagsystemet kring enkelte tenestemottakarar, samt vere bindeleddet mellom pårørande og spesialisthelsetenesta. Arbeidsstad er for tida ved Bismotunet bufellesskap. Arbeidstid er etter gjeldande turnus, for tida 3-delt turnus med valfritt 3.kvar helg eller langvaker 4.kvar helg. Er det ynskjeleg kan langvakter midt i veka vere ei moglegheit.
Kvalifikasjonar
-
Relevant 3-årig helse- og sosialfagleg eller pedagogisk høgskuleutdanning. Erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
-
God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.
-
Førarkort klasse B.
-
Politiattest av nyare dato.
Vi vektlegg at du
-
har interesse for utvikling av tenestene.
-
er fleksibel i høve til omstillingar.
-
tek sjølvstendig initiativ til aktivitet med brukarane i sentrum.
-
har erfaring frå liknande arbeid.
-
har gode samarbeidsevner.
-
har generell forståing for bruk av meistringsteknologi.
Arbeidet kan vere fysisk belastande.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Hjå oss får du
-
tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale.
-
pensjonsordning i KLP.
Andre stillingar eller vikariat kan bli ledig ved interne opprykk. Tilsetting i desse vil då bli gjennomført med utgangspunkt i søkjarane til den aktuelle stillinga.
Spørsmål om stillinga kan rettast tilKari Gjelbakken mobil 45 34 39 53
Søknadsfrist: 20.05.26
Elektronisk søknadsskjema
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.
Vil du vite meir om oss?
Les meir om korleis Skjåk kommune satsar på oppvekst på Å vekse opp i Skjåk - Skjåk Kommune
Les meir om Skjåk kommune på www.skjaak.kommune.no
Tilflyttarkonsulenten vår kan vere til støtte når du skal finne eigna bustad, gje deg nyttig og nødvendig informasjon, og ikkje minst hjelpe deg med å finne din plass i Skjåk. Kanskje har du ein partner som vil vite meir om arbeidsmoglegheiter i Skjåk. Har du barn vil du kanskje vite meir om barnehage, skule og fritidstilbod. Om du ynskjer å prøvebu i Skjåk nokre dagar kan tilflyttarkonsulenten legge til rette for dette også.
Ta kontakt gjerne kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk - tlf. 99427902. Meir informasjon om å livet i bygda finn du på www.skjak.no
Sletting av studielån
Visste du at når du er busett i Skjåk, samt er yrkesaktiv i eller utanfor kommunen kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år? Les meir om Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461867802
- Sist endret
