Lønsansvarleg/ lønsmedarbeidar - 100% vikariat
Vestre Slidre kommune
- Frist 17.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vestre Slidre kommune søkjer etter lønsansvarleg/ lønsmedarbeidar med relevant utdanning og erfaring, samt gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter. Stillingstittel blir vurdert utifrå kompetanse og kvalifikasjonar.
Vikariat i 100 % stilling er ledig frå 1. juni 2026 til 31.mars 2028, med moglegheit for forlenging.
Vi køyrer løn for ca. 350 tilsette og folkevalde i kommunen. Avdelinga er ein del av kommunen si avdeling for Administrasjon og økonomi. Den består av personal, løn, servicetorg, arkiv og økonomi. Det er ei avdeling med 9 tilsette. Vi har eit godt samarbeid med andre kommunar i regionen, mellom anna med eige fagnettverk innan lønsområdet.
Er dette noko for deg? Velkommen som søkar!
Arbeidsoppgåver
- Lønsarbeid frå A til Å, med tilhøyrande rapportering
- Registrering, kontroll og kvalitetssikring av løns- og personaldata i tett dialog med personal
- Lønskøyring, avstemming og andre gjennomgåande oppgåver innan løn
- Oppfølging av fråvær og sjukerefusjonar, samt dialog med NAV
- Opplæring og bistand ovanfor leiarar og andre tilsette
- Andre relevante arbeidsoppgåver etter behov
Kvalifikasjonar
- Relevant høgskule- eller universitetsutdanning på minimum bachelornivå innan økonomi/ administrasjon
- Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande utdanning
- God forståing av fagområdet, og vilje til kontinuerleg fagleg oppdatering innan lov- og avtaleverk
- Det er ein fordel med kjennskap til Visma HRM, Visma net. Expense og Visma Ressursstyring
- God digital kompetanse
- Gode norskkunnskapar muntleg og skriftleg. Kommunen nyttar nynorsk som skriftspråk
Personlege eigenskapar
- Jobbar sjølvstendig, nøyaktig, systematisk og strukturert
- God talforståing og stor arbeidskapasitet
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Omgjengeleg, positiv og løysingsorientert
- Stabil og fleksibel
- Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Spennande og varierte oppgåver med gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter tariff og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
Kontaktinformasjon
Aud-Karin Hovi, Økonomisjef, 41 45 54 39, aud-karin.hovi@vestre-slidre.kommune.noArbeidsstad
Slidrevegen 162966 SLIDRE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 5118183769
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 17.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461867798
- Sist endret

