Helsefagarbeidar/hjelpepleiar - sjå her!
Medisinsk sengepost Nordfjord, Helse Førde
- Frist 15.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Er du helsefagarbeidar/hjelpepleiar som likar varierte arbeidsdagar med spenning og fagleg innhald? Då kan du bli vår nye kollega!
Stilling:
1 x 100% vikariat fra 04.08.26 - 03.08.27
- Stillingane går i 2-delt turnus.
Om avdelinga
Medisinsk sengepost er ein heildøgn sengepost med 16 senger, inkludert 3 observasjonssenger. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord med indremedisinsk akuttfunksjon.
Her behandlar vi dei fleste indremedisinske diagnosane, inkludert palliasjon og stabilisering av akutte pasientar som skal til eit høgre omsorgsnivå.
På avdelinga har vi fokus på fag og har jamleg simuleringstrening og undervisning.
Om Nordfjord sjukehus og lokalmiljøet
Nordfjord sjukehus ligg midt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu, med gode barnehage- og skuletilbod samt eit rikt fritids- og kulturtilbod. Det er også kort veg til flyplass.
Arbeidsoppgåver
- Mottak, observasjon og oppfølging av pasientar
- Utføre pasientretta prosedyrer
- Arbeidsoppgaver som omhandlar skyllerom og matsevering til pasientar
- Opplæring og rettleiing av studentar og lærlingar
- Elektronisk pasientdokumentasjon i DIPS Arena og Meona
- 2-delt turnus med arbeid kvar tredje helg, muligheit for avtale om ekstra helg i turnus
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Erfaring fra sjukehus/sjukeheim med pleie av pasientar er eit pluss, men opplæring vil blir gitt
- Må beherske godt norsk, både skriftleg og munnleg
- Erfaring med bruk av DIPS Arena og Meona er ein fordel
- Fordel med vidarutdanning
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert og ansvarsbevisst
- God fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og ha gode samarbeidsevner
- Har ønskje om fagleg utvikling, og tek initiativ til eiga opplæring og utvikling
- Fleksibel og engasjert
- Evne til systematisk arbeid
- Trivast i eit hektisk arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Varierte og spennande oppgåver
- Fagleg og personleg utvikling
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Maria Charlotta Berg Langvik, Seksjonsleiar, +47 416 48 264Arbeidsstad
Sjukehusvegen 146770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 5122092042
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 04.08.2026
Sluttdato: 03.08.2027
Søknadsfrist: 15.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461865278
- Sist endret

