Tannlege
IDI-TH - Høyanger klinikkområde, Vestland fylkeskommune
- Frist 15.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du ha ein jobb der du utviklar deg- og samtidig gjer ein forskjell?
I Høyanger får du begge delar. Her møter du eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø, faglege utfordringar og kollegaer som heiar på deg.
Vestland tannhelseteneste- Høyanger tannklinikk har no ledig 100% fast stilling som tannlege, med oppstart etter avtale.
Vi har og ledig 100% vikariat frå 1/7-26, med moglegheit for fast tilsetting.
Gode grunnar til å søke:
Rekrutteringstillegg: Du får 50 000 kroner årleg i tillegg til lønn etter avtale der minstelønn er på 660 000 kr.
Sletting av studielån: Høyanger kommune er med i den nye nasjonale ordninga for gjeldsslette. Det betyr at du kan få 25 000 kroner avskrive kvart år, så lenge du oppfyller vilkåra.
Kvifor Høyanger?
Høyanger ligg vakkert til ved Sognefjorden og har rundt 2000 innbyggjarar i tettstaden og 3900 i heile kommunen. Staden har eit levande lokalsamfunn og ei rik industrihistorie særleg knytt til aluminium.
Her får du:
Skiturar rett frå døra: Preppa løyper berre 10 minutt frå sentrum, frå november til april.
Fantastiske toppturar både sommar og vinter.
Fiske og jakt: Daleelva byr på gode moglegheiter for laksefiske, og jakt og fiskelaget er aktive innan både hjortejakt og småviltjakt.
Trening og aktivitet: Nytt treningssenter, Høyangerbadet med 3 badebasseng og sklie og eit idrettslag med eit breitt tilbod.
Kort reiseveg til Bergen, og kort veg til næraste flyplass, Bringeland
Om Høyanger tannklinikk:
Klinikken er moderne, triveleg og består av:
3 tannlegar
1 tannpleiar
3 tannhelsesekretærar
Lokala vart totalrenovert i 2019 og ligg i same bygg som vidaregåande skule- med Høyangerbadet og idrettsanlegget som næraste naboar.
Her får du :
Eit godt arbeidsmiljø
Variert pasientgrunnlag i alle aldersgrupper, inkludert vaksne
Gode moglegheiter for fagleg utvikling
Opplev Høyanger
Høyanger kommune
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.
Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.
Arbeidsoppgåver
- Du utfører klinisk arbeid for alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar.
- Du held deg fagleg oppdatert og følger gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt
jobber for å nå måla til Vestland tannhelseteneste. - Du deltek i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling, samt andre felles oppgåver for drift av klinikken.
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege og beherske norsk munnleg og skriftleg. Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram gyldig politiattest. Relevant informasjon for søknaden må vere oversett til norsk.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- Likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus
- Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
- Arbeider sjølvstendig og mestrar travle dagar
- Er positiv og serviceinnstilt
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling, du deler også kompetanse med andre.
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar
- Eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- Etterutdanning og kurs for fagleg og personleg utvikling
- Løn etter avtale, for nyutdanna er årsløna for tida kr 660.000,-
- Gode offentlege pensjons - og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Hildegunn Norevik Løland, klinikkleiar, 90565292, hildegunn.norevik.loland@vlfk.noArbeidsstad
6993 Høyanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5113180298
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461724813
- Sist endret


