Kontrollingeniør elektro
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 14.5.2026
Kontrollingeniør elektro
Samferdselsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
Du får jobbe med drift og vedlikehald av fylkesvegar. Fylkesvegnettet består av om lag 3200 km veg, 62 tunnelar, samt diverse trafikksignalanlegg, klima stasjoner, trafikktellepunkt, variable skilt, bruer med elektriske anlegg og veglysanlegg.
Stillinga er plassert i fylkesvegavdelinga, for tida med arbeidsstad i Molde, Kristiansund eller Ålesund og du kan sjølv velje kontorstad. Du må rekne med ein del reising.
Som kontrollingeniør elektro vil du gå inn i ein seksjon med om lag 37 medarbeidarar. Vegdrift seksjonen er delt i 3 team, eit for drift Nordmøre og Romsdal, eit for drift Sunnmøre og eit for elektro/tunnel/geofag med fleire byggeleiarar, kontrollingeniørar og fagressursar. I tillegg er det fagressursar innan HMS, økonomi, tunnelsikkerheit og beredskap
Arbeidsoppgåver
Som kontrollingeniør hos oss vil du:
Vere del av eit team som styrer drift- og vedlikehaldskontraktar, samt vere delaktig på gjennomføring av andre mindre tiltak på det fylkeskommunale vegnettet
Planlegge og følje opp drift og vedlikehaldsoppgåver på fylkesvegar i tett samarbeid med entreprenør og byggeleiar på kontrakt
Rapportere til byggeleiar på driftskontrakt samt vere ei støtte i kontraktsgjennomføringa
Utarbeide kontrollplanar, samt dokumentere og rapportere resultat
Vere store deler av arbeidsveka ute i felt, men det må også påreknast nokre kontordagar
Samarbeide med andre fagpersonar både i teamet og i avdelinga.
Utføre el. kontroller og termografering på Møre og Romsdal fylkeskommune sine elektriske anlegg.
Kvalifikasjonar
- Har bachelor innan elektrofag. Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Det er ein forutsetting at du har fagbrev innan elektrikerfaget (Gruppe L).
- Erfaring i teknisk og/eller økonomisk oppfølging av entreprenørar eller leverandørar.
- God kjennskap til arbeid med elektriske anlegg
- God kjennskap til digitale verktøy
- Førarkort klasse B
- Erfaring med el. kontroller etter NEK 405-2, 405-3 og NEK 405-3-2
- Erfaring med termografering etter NEK 405-1.
- Vilje og evne til å samarbeide med interne og eksterne partar
- Evne til å bruke din fagkunnskap praktisk og teoretisk
- Vere positiv og samarbeidsorientert
- Kunne arbeide sjølvstendig
- Ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- Løn etter avtale
Elektronisk søknad skal benyttes via "søk på stilling" knappen på siden.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461613514
- Sist endret


