Elektrikar med Maritim kompetanse
Ulstein Elektro Installasjon AS
- Frist 31.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Har du fagbrev som elektrikar og vil bli med på å skape morgendagens løysningar?
Ulstein Elektro Installasjon er inne i ei spennande fase og selskapet ønsker å bygge og vidareutvikle kompetanse innan fagområdet el.installasjon på skip.
Ein av suksessfaktorane for stillinga vil vere å ha gode samarbeidsevner, ønsker om å bidra til eit positivt arbeidsmiljø i tillegg til å utvikle eigen kompetanse innan elektrofaget.
Kandidatar vurderast fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er varierte, og kan blant anna innebere:
- Generell elektroinstallasjon på skip
- Skipsutstyrsystem
- Kommunikasjonssystem
- Brann og gass deteksjonsystem
- Delta og framvise intern systemtestar for klasse og rederi
- Rapportere status og framdrift til områdebas
- HMS Fokus
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som elektrikar/Elektromontør GR. L
- Systemforståing, innsikt og sjølvstendigheit
- Erfaring som elektrikar innan skipsbygging
- Teknisk og tverrfagleg forståing
- Fiber og nettverkerfaring er ønskeleg
- Vere strukturert og ha ein proaktiv tilnærming til måloppnåing
- Kan kommunisere godt på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
- Positiv, reflektert og samhandlande
- Sjå dei gode løysningane
Vi tilbyr
- Godt fagleg miljø
- Fleksitidsavtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
FerdigheterAI-generert
- Betjene marine kommunikasjonssystemer
- Elektroindustri (bransje)
- Maritimt utstyr
- Norsk
- Systemtest
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Elektro Installasjon er ansvarleg for elektrisk installasjonsarbeid om bord i fartøy ved Ulstein Verft. Selskapet er, saman med Ulstein Verft, ein del av forretningsområdet Shipbuilding, som held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon. Selskapa bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi, i tillegg til å utføre ettermarknadstenester.
- Sektor: Privat
- Sted: Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
- Bransje: Industri og produksjon, Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Elektriker, Elektronikkmontør
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
Verft, Martim, elektro, fagarbedier, maritim
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461123836
- Sist endret


