Ledig 100 % vikariat – Hogslia bufellesskap
Open omsorg ytre, Bremanger kommune
- Frist 17.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vi har ledig 100 % vikariat perioden 01.08.26 til 31.08.27 i Hogslia bufellesskap. Vikariatet er knytt til miljøarbeid for menneske med nedsett funksjonsevne.
Hogslia er eit bufellesskap med 8 leilegheiter, der 6 per i dag er bebudde. Tenesta byggjer på målretta miljøarbeid og individuell oppfølging i kvardagen. Her jobbar vi tett på menneske som treng støtte, tryggleik og gode kvardagsrutinar – og du blir ein viktig del av eit lite, varmt og engasjert arbeidsmiljø.
Stillinga inneber turnusarbeid med langvakter på 12,5 timar, i kombinasjon med vanlege dag-/kveldsvakter og nattevakter.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid i bufellesskap
- Rettleiing og oppfølging i dagleglivets gjeremål
- Bidra til tryggleik, struktur og meistring
- Samarbeid med kollegaer, pårørande og andre tenester
- Dokumentasjon og oppfølging av vedtak og tiltak
Kvalifikasjonar
- Autorisert vernepleiar, sjukepleiar, sosionom , barnevernsarbeidar
- Personar med fagbrev i helse- og barne- ungdomsarbeidarfaget kan òg søkje
- Erfaring frå arbeid med menneske med nedsett funksjonsevne er ein fordel
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Trygg, omsorgsfull og tålmodig
- Strukturert og påliteleg
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
Vi tilbyr
Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis barnehage
- Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse
- Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.
- Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år.
Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/
I tillegg får du:
- Turnus med langvakter (12,5 timar), samt vanlege vakter og nattevakter
- Eit meiningsfullt og variert arbeid
- Engasjerte og fagleg kompetente kollegaer
- Opplæring og rettleiing
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtalar
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Kontaktinformasjon
Karine Igland, Drifssjef Open omsorgs ytre, +47 959 82 940Arbeidsstad
Stasjonsvegen 166727 Bremanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 5120283815
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 17.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461612391
- Sist endret
