Lærar i Game Music
Sunnhordland folkehøgskule
- Frist 14.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Lærar i Game Music på Sunnhordland folkehøgskule for skuleåret 2026-27
Er du vår nye kollega? Sunnhordland folkehøgskule søkjer etter lærar i Game Music i ein 70% fast stilling. I stillinga inngår tilsyn og sosialpedagogiske oppgåver knytt til elevane og elevinternatet.
Om du har kompetanse innan marknadsføring, kan stillinga aukast noko.
Ønskte kvalifikasjonar og ferdigheiter:
Musikkfagleg utdanning / realkompetanse på området
Har erfaring med interaktiv musikk som kan tilpassast spelmekanikk
Kan lage musikk i ulike sjangre, eks; 8-bit, orkester, verdensmusikk med meir
Har gode ferdigheter i bruk av digital audio workstation (DAW) Me nyttar Ableton
Erfaring innan lyddesign
Implementering i spelmotorar med FMOD
Vi søkjer deg som:
identifiserer deg med verdigrunnlaget til skulen
er glad i å jobbe med ungdom i eit kreativt miljø
er allsidig, fleksibel og løysingsorientert
kan arbeide sjølvstendig, men òg trivst med å jobbe i team
er strukturert og til å stole på
brenn for faget ditt
ønskjer å bidra i skulen sitt utviklingsarbeid og tverrfaglege arbeid
kan ha noko av arbeidstida på ettermiddag/kveldstid
er komfortabel med å ha tilsyn i internatet med overnatting på skulen
Du vil fungere som hovudlærar/kontaktlærar på linja og følgjeleg ha ansvar for oppfylging av elevar. Mykje av undervisninga er prosjektbasert. Inkludert i arbeidet ligg studiereiser til både storbyar og til lokale arrangement.
Fint om du òg kan undervise i andre fag (valfag/fellesfag). Vi legg vekt på kreative prosessar og tverrfagleg samarbeid, danning og personleg utvikling i eit heilskapleg læringsmiljø. Ikkje minst er det mykje samarbeid på tvers av dei ulike linjene.
Sunnhordland folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule med 102 elevplassar. Skulen ligg vakkert til like ved sjøen på Halsnøy, sør for Bergen og med god korrespondanse til Bergen og Flesland.
Vi har ein skuleprofil med vekt på estetiske fag. Vi har linjefaga Skuespiller, Kunst+, Game Music, Game Art og Game Design. Med heile 3 linjer innanfor spelutvikling, kan me tilby eit godt fagmiljø for deg som er interessert i undervisning innan heile spelfaget.
Arbeidsmiljøet ved Sunnhordland folkehøgskule er godt. Det er inkluderande og kreativt og alle dei tilsette jobbar saman for at elevane skal trivast hjå oss.
Lønn og arbeidsvilkår etter avtaler i folkehøgskulen.
For meir informasjon om stillinga: kontakt lærar og ass.rektor Alejandro Villanueva Gomez på tlf:98081297 , eller Bente Sjo, rektor, på tlf. 96004066.
Send søknad med cv til rektor@sunnfolk.no innan 14.mai 2026
Velkomen med søknad.
Ferdigheter
- Digital musikk og lydproduksjon
- Programvare for musikkproduksjon og lydstudio
- Sound Design
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Sunnhordland folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule med 102 elevplassar. Skulen ligg vakkert til like ved sjøen på Halsnøy, sør for Bergen og med god korrespondanse til Bergen og Flesland. Vi har ein profil med vekt på estetiske fag med linjefaga Skuespill, Kunst+, Game Music, Game Art og Game Design. Vi legg vekt på kreative prosessar og tverrfagleg samarbeid, danning og personleg utvikling i eit heilskapleg læringsmiljø. Ikkje minst er det mykje samarbeid på tvers av dei ulike linjene.
- Sektor: Privat
- Sted: Naustvikvegen 26, 5455 Halsnøy kloster
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Annet, Barn, skole og undervisning, IT - programvare
- Stillingsfunksjon: Andre pedagoger, Lærer/Lektor
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
folkehøgskole, game music, musikkfag, lyddesign, tverrfagleg samarbeid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461525141
- Sist endret



