Saksbehandlar 100 % vikariat - Lom og Skjåk tildelingskontor
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
- Frist 17.5.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du arbeide tett med menneske og bidra til gode og trygge helse- og omsorgstenester? Som saksbehandlar ved tildelingskontoret i Lom og Skjåk får du ei viktig rolle i å finne gode løysingar saman med innbyggjarane.
Tildelingskontoret har ledig vikariat som saksbehandlar i 100 % stilling frå 01.08.26 -- 31.07.27Lom og Skjåk tildelingskontor har ansvar for saksbehandling i samband med forvaltning av pleie- og omsorgstenester i Lom og Skjåk. Tildelingskontoret er ofte det fyrste møte for innbyggjarar som har spørsmål om helse og omsorgstenester. Vi er opptekne av at møta mellom oss som arbeider i kommunen, og dei som treng vår bistand, skal vere så gode som mogleg. Alle skal sikrast individuell vurdering med utgangspunkt i den einskilde sine ressursar.
Innbyggjarar som vender seg til tildelingskontoret har ulike behov. Nokre har behov for helse og omsorgstenester store delar av sitt liv, medan andre for ein kortare periode. For oss er det viktig å utvikle tenester der vi finn gode løysingar i fellesskap. Kommunen sine innbyggjarar skal ha likeverdige tenester og kunne bu trygt i eige heim lengst mogleg. Vi skal tilby råd, rettleiing og tenester som gjev høve til å meistre sitt eige liv.
Tildelingskontoret er organisert i kommunalsjefområdet Helse og omsorg. Kontoret består av to saksbehandlarar i 100 % stillingar og ein saksbehandlar med ansvar for vederlagsberekning i 30 % stilling. Koordinerande eining er lagt til tildelingskontoret med ansvar for tildeling av koordinator for individuell plan og tildeling av barnekoordinator. Tildelingskontoret har rettleiingsansvar for koordinatorar. I 2026 vil det bli tilsett ein prosjektmedarbeidar på tildelingskontoret, som skal ha ansvar for arbeidet i Lom og Skjåk med digital heimeoppfølging (DHO) og meistringsteknologi.
Det er kort avstand mellom dei ulike tenestene. Dette bidreg til eit tett tverrfagleg samarbeid.
Arbeidsoppgåver
-
Koordinerande eining.
-
Saksbehandle søknader om ulike helse og omsorgstenester etter helse- og omsorgstenestelova.
-
Saksbehandle søknader om parkeringstillatelse og ledsagerbevis.
-
Saksbehandlinga skal balansere forventningane frå brukarar og pårørande, omsynet til forsvarlege helse og omsorgstenester, politiske vedtekne rammer og forventningar frå tilsynsmyndigheiter.
-
Tverrfagleg samarbeid.
-
Samarbeid og deltaking knytt til ulikt utviklingsarbeid, både på tvers i kommunen og med eksterne samarbeidspartar både på individ- og systemnivå.
Kvalifikasjonar
-
Ynskje om høgare helsefagleg utdanning, men anna utdanning kan bli vurdert.
-
Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskrav.
-
Godkjent politiattest.
-
Førarkort klasse B.
-
Grunnleggjande digital kompetanse.
-
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg - kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.
Vi vektlegg at du
-
har gode kommunikasjons- og samhandlingsevner og god skriftleg framstillingsevne.
-
er publikumsorientert og serviceinnstilt.
-
kan arbeide sjølvstendig.
-
har erfaring frå saksbehandling.
-
har erfaring frå praksisfeltet.
-
har god kunnskap om lovverk som regulerer tildeling av helse- og omsorgstenester.
-
har kjennskap til IPLOS og relevante kartleggingsverktøy.
-
har kjennskap til, og forståing for helsejuss. Det er ønskjeleg at saksbehandlar tek vidareutdanning innan helsejuss.
-
er nysgjerrig, nytenkande, løysingsorientert, og at du tykkjer det er spanande med digitale verktøy og ny teknologi i ei teneste som er under stadig utvikling.
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Hjå oss får du
-
tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale.
-
pensjonsordning i KLP.
Spørsmål kan rettast til Kommunalsjef Inger Helene Brandsar mobil 90123165.
Søknadsfrist 17.05.26 Elektronisk søknadsskjema
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.
Vil du vite meir om oss?
Les meir om bygda og barnehagane våre på: www.skjaak.kommune.no
Tilflyttarkonsulenten vår kan vere til støtte når du skal finne eigna bustad, gje deg nyttig og nødvendig informasjon, og ikkje minst hjelpe deg med å finne din plass i Skjåk.
Ta kontakt gjerne kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk - tlf. 99427902.
Meir informasjon om å livet i bygda finn du på www.skjak.no
Sletting av studielån
Visste du at når du er busett i Skjåk, samt er yrkesaktiv i eller utanfor kommunen - da kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år? Les meir om Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461509657
- Sist endret