Deltidsstilling som stasjonsmedarbeidar
Hermansverk Servicesenter As
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Leiter du etter ein jobb med variert arbeidskvardag, som passar perfekt ved sidan av studier eller liknande? Eller kanskje ser du etter ein jobb som er sosial og med ein variert arbeidskvardag? Eller kanskje du berre vil ha ein jobb der du kan jobbe litt sjølvstyrt? Hjå oss har det no åpna seg to deltidsstillingar på ca 20-30%, og me leiter etter nokon som deg :)
Ein arbeidsdag hjå oss er som regel variert, men ein typisk dag innebærer ofte litt av følgande:
-
Bistå og gi god service til våre kundar
-
Tilberede mat av ulike variantar, me serverer alt fra bollar til burgar
-
Sørge for god mathygiene
-
Halde stasjonen rein, ryddig og fin for våre besøkande
-
Ein god prat med ein kollega eller tre, samt ein dårleg vits fra dagleg leiar Bjarne
-
Mange koppar kaffe (eller te og kakao om du heller foretrekker det)
Utover dette er det sjølvsagt fleire andre oppgaver som ein dag på bensinstasjon kan by på.
Me kan tilby gode lønnsvilkår, eit godt arbeidsmiljø, ein variert arbeidskvardag og fast turnus.
Me søker etter deg som:
-
Er ansvarleg og sjølvdriven
-
Er ryddig
-
Er over 18 år
-
Både skriv og snakkar godt norsk
-
Likar dårlege vitsar
-
Har lyst til å jobbe med kundar
Arbeidstid: Arbeidstid er fastsett i 6 vekers turnus, der du vil jobbe kvar 3. helg fredag-søndag + mandag før arbeidshelg fast. Mandag og fredag er fast seinvakt. Det er også moglegheit for meir ved ferieavvikling, sjukdom etc.
Oppstart: helst så fort som mogleg, men dette kan avtalast.
Har du spørsmål til stillinga? Kontakt dagleg leiar Bjarne Haugen på tlf 911 96 483 eller e-post post@esso-hermansverk.com
Send søknad og CV til post@esso-hermansverk.com. Skriv gjerne litt om deg sjølv og kva som gjer at akkurat du passar til jobben. Me ser fram til å høyre frå deg!
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461502691
- Sist endret




