Lærarar i teknologi- og industrifag
Vestland fylkeskommune
- Frist 17.5.2026
Lærarar i teknologi- og industrifag
OPK-OD - Odda vgs, Vestland fylkeskommune
Odda vidaregåande skule ligg i bysenteret Odda i Ullensvang kommune. Området er kjent for nydeleg landskap med fjord, fjell, brear og fossar. Dette gjev svært gode føresetnadar for ulike aktivitetar, men er òg grunnlaget for verdsleiande industri. Hardanger og fruktdyrking er eit kjent omgrep, og aktivitetsturisme er blitt eit stort satsingsområde. Gjennom året vert det arrangert større og mindre kulturarrangement rundt i kommunen, t.d. Hardanger musikkfest, Litteratursymposiet, Blueshelga, Morellfestivalen og Siderfestivalen.
Odda vidaregåande skule er ein skule med omlag 240 elevar og 50 tilsette, som er fordelt på seks utdanningsprogram (BA, EL, HO, ID, ST, TP). Me har eige avdeling for tilrettelagt opplæring, samt landsline i smedfaget.
Skulen sin visjon er: Ein god stad å vera, ein god stad å læra.
Frå 01.08.26 har skulen ledige 2-3 stillingar innan Teknologi- og industrifag.
Arbeidsoppgåver
Undervisning i programfag innan teknologi- og industrifag, samt undervisning av elevar med behov for ekstra oppfølging / tilrettelegging. Ein må vere førebudd på endring i arbeidsoppgåvene, dersom skulen får eit anna behov.
Planlegge og gjennomføre opplæring i tråd med læreplanmåla.
Følgje opp den enkelte elev si faglege utvikling.
Delta i lærarteam og pedagogisk utviklingsarbeid.
Tilretteleggje og samarbeide om eit godt og effektivt læringsmiljø.
Samarbeid med kollegaer og føresette.
Samarbeid med opplæringskontor og næringsliv.
Eit eller fleire fagbrev innan programområdet teknologi- og industrifag. Særleg ynskjeleg med cnc-kompetanse.
Det er ynskjeleg med pedagogisk og yrkesteoretisk utdanning (teknisk fagskule eller ingeniørutdanning), eventuelt godkjent yrkesfaglærarutdanning. Dersom ein ikkje oppfyller kravet om pedagogisk kompetanse, vil skulen legge til rette for utvikling av formell pedagogisk kompetanse.
Det er ynskjeleg at søkjarar og har undervisningskompetanse i eit eller fleire fellesfag (til dømes matematikk og naturfag).
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
God digital kompetanse
Godkjent politiattest
Personlege eigenskapar
Du har mål om å vere ein trygg og tydeleg klasseleiar, med evne til å skapa gode relasjonar til elevane
Du arbeider sjølvstendig og nøyaktig, og deltek aktivt i eit profesjonsfellesskap
Du har gode evner til samarbeid, og kommuniserer godt både med elevar, tilsette og føresette
Du samarbeider godt med eksterne fagmiljø for å utvikla gode undervisingstilbod og synleggjera skulen
Du er løysingsorientert og har evne til omstilling
Du er utviklingsorientert og har god gjennomføringsevne
Du har ei pedagogisk forståing i tråd med skulen sitt elevsyn
Odda vidaregåande skule legg stor vekt på trivnad og eit godt læringsmiljø. Skulen vil møta eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling.
Personlege eigenskapar vert vektlagde i tilsettingsprosessen.
Vi tilbyrEit spanande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, gode arbeidstilhøve og variert tverrfagleg samarbeid.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Elektronisk søknad skal benyttes via "søk på stilling" knappen på siden.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461491206
- Sist endret


