Sommarjobb i idylliske Hestad Kapell – Sande i Sunnfjord
Fortidsminneforeininga Sogn Og Fjordane Avdeling
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Er du serviceinnstilt og glad i folk og historie? Me søkjer ein sommarvert til Hestad Kapell i Sande i Sunnfjord!
Hva vi ser etter
Me søkjer en omvisar som kan vere med å gje våre besøkande frå inn- og utland ei minnerik oppleving!
-
Du har interesse for historie, arkitektur, pedagogikk eller reiseliv
-
Gjerne erfaring med formidling eller kundebehandling
-
Kan arbeide sjølvstendig og er imøtekomande og ansvarsfull
-
Du meistrar norsk og engelsk godt. Ytterlegare språkferdigheiter er eit stort pluss.
Fordel med eigen bil, då Hestad Kapell ligg landleg til med begrensa offentleg transport
Arbeidsoppgaver
-
Ta imot besøkande og fortelje om kapellet si historie
-
Formidle praktisk informasjon til gjestane
-
Sal av billettar og varer
-
Bidra til enkel orden og reinhald
-
Sørgje for ei triveleg oppleving for gjestane
Kapellet er opent for publikum 11.00-16.00 frå onsdag til søndag i publikumssesongen frå 1. juli til 31. juli.
Vi tilbyr
Hestad kapell ligg idyllisk til på Øyratangen, mellom Vikdalsvatnet og Hestadfjorden. Kapellet vart bygd i 1805 for å erstatte ei stavkyrkje som hadde stått der sidan mellomalderen. Det er eit vakkert kulturminne, omgitt av ein stemningsfull gravplass frå mellomalderen.
-
Ein unik sommarjobb i vakre og historiske omgjevnader
-
Varierte og kjekke arbeidsoppgåver
-
Møte med hyggelege gjestar og historieinteresserte
-
Ei fin erfaring å ha på CV-en
-
løn etter avtale
Høyrest dette ut som noko for deg? Søk no! 😊
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461127436
- Sist endret



