Helgestilling - Omsorg pluss
Vaksdal kommune
- Frist 10.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Heimetenesta har ledig fast 14 % helgestilling ved Omsorg pluss, og ønskjer å komme i kontakt med deg som ser verdien i å jobbe med menneske som treng ei hjelpande hand. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø med mange dyktige og engasjerte kollegaer.
Omsorg pluss tilbyr tilrettelagde bustader og tenester for personar som treng tryggleik, oppfølging og sosial støtte i kvardagen. Arbeidet er variert og meiningsfullt, med fokus på meistring, trivsel og gode relasjonar.
Stillinga passar utmerka ved sidan av studiar, og er ein flott moglegheit til å få verdifull arbeidserfaring innan helse- og omsorgstenester. Det er ikkje krav om formell helsefagleg kompetanse, men vi legg stor vekt på personlege eigenskapar som omsorg, ansvarskjensle og samarbeidsevne.
Høyrest dette spanande ut, ønsker vi gjerne å snakke meir med deg. Ta kontakt om du er nysgjerrig på arbeidsoppgåver eller kvardagen ved Omsorg pluss, og skriv gjerne i søknaden kvifor du ønsker å arbeide hos oss.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere
- Stell og pleie med fokus på kvardagsmeistring og personsentrert omsorg
- Dokumentasjon i fagsystem
- Medisinsk oppfølging ut frå kompetanse
- Kommunikasjon og samarbeid med pårørande
- Mobilisering og aktivisering av brukarar
- Andre relevante oppgåver
Krav til kompetanse
- Du må vera fylt 18 år (unntaket er søkarar som går 2. året på Helsefag VGS)
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Krav om godkjend politiattest
- Ønske om formell helsefagleg kompetanse eller erfaring, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
- Du likar å arbeide sjølvstendig og å ta ansvar på vakter
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og kan samarbeide i eit tverrfagleg perspektiv
- Du evner å skape gode relasjoner
- Du er påliteleg og punktleg
- Du er løysingsorientert og har evne til å prioritere
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vaksdal Kommune tilbyr
- Vi har godt arbeidsmiljø, dyktige folk i tenesta og gode ordningar for utdanning, vidareutdanning og kompetanseheving
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Løn i tråd med tariff og lokale kompetansetillegg.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461126306
- Sist endret

