Vernepleiar med engasjement for barne- og ungdomspsykiatri?
BUP Haugesund, Helse Fonna HF
- Frist 10.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du gjere ein forskjell for barn og unge som treng oss aller mest? 🌼
Vi har no ei ledig stilling i tredelt turnus, med hovudsakleg dag- og aftenvakter, samt nokre nattevakter i døgnposten. Her på BUP møter du barn og ungdom i krevjande livssituasjonar, og du spelar ei viktig rolle i å skape struktur, tryggleik og håp i kvardagen deira.
Vi søkjer deg som vil vere med på laget vårt ved BUP døgnpost, som er delt inn i to fløyer: Post Nord for barn frå 6 til 13 år og Post Sør for ungdom frå 12 til 18 år. Døgnposten har akuttfunksjonar og betener heile Helse Fonna-regionen. Les meir om oss her: https://www.helse-fonna.no/avdelinger/bup-helse-fonna/om-bup/
Hos oss jobbar allereie mange dyktige, rause og hyggjelege kollegaer. Vi veit at god behandling krev meir enn rett metode - det krev også varme, tålmod og evne til å sjå kvar enkelt. Hos oss blir du del av eit engasjert tverrfagleg team som støttar kvarandre, deler kunnskap og samarbeider tett med både familie og nettverk rundt pasientane.
Eininga er i gang med å implementere Blakstadmodellen for grunnleggjande miljøbehandling, og arbeider systematisk for å byggje ein felles fagleg praksis. Vi legg stor vekt på recovery-orientert tilnærming og ser etter kandidaten som ønskjer å vere ein del av dette fagmiljøet.
👉 Søk no - vi ser fram til å høyre frå deg! Vil du vite meir? Ta kontakt på telefon eller e-post.
Kva går jobben ut på?
- Tryggleik og tett oppfølging av pasientar som er innlagde.
- Medverke i utgreiing og behandling saman med lege og psykolog.
- Aktiv deltaking i tverrfagleg samarbeid og teammøte.
- Vere ein del av beredskap ved akutte situasjonar.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Vi søkjer vernepleiar med norsk autorisasjon
- Erfaring frå arbeid med barn og unge, psykisk helsevern og rusomsorg er ønskjeleg.
- Vidareutdanning innan feltet kan vere ein fordel.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
- Personlege eigenskaper blir vektlagd.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- tar ansvar og er trygg i rolla di.
- er til stades for pasienten.
- har evne til å snu deg raskt når dagen ikkje blir som planlagt.
- er ein lagspelar og bidreg til eit trygt miljø.
Personlege eigenskapar som passar godt i møte med barn, unge og familiar vil bli vektlagd.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- God opplæring og blir tatt godt imot.
- Bruke deg sjølv - både som fagperson og medmenneske.
- Høgt fagleg nivå.
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst, medlemsskap i pensjonsordning, 2 % pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
Kontaktinformasjon
Georg Walter Reinhardt, Avdelingsleiar, 52732850Marit Elise Lier, Funksjonsleiar, 52732850
Lene Elisabeth Nordtveit, Sekretær, 52732850
Gabrielle Leah Dickson, Konsulent, + 47 41889114, gabrielle.leah.dickson@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Vinjes gate 105522 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5092708985
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 10.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461114383
- Sist endret

