Lærar
Ålfoten oppvekstsenter, Bremanger kommune
- Frist 18.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Ålfoten oppvekstsenter har ledig ei 50 % fast lærarstilling og ønskjer ein engasjert, fagleg sterk og relasjonsorientert medarbeidar velkommen til laget vårt.
Ålfoten oppvekstsenter ligg i den vesle bygda Ålfoten i Nordfjord. Ved oppvekstsenteret har vi ein barnehage, ein barneskule og SFO. Vi har ein todelt skule. Både barnehagen og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Vi har PALS-modellen som som grunnmur i alt arbeidet vi gjer både med læringsmiljø, trivsel, relasjonar, motoivasjon, inkludering og samarbeid med heimane. PALS-modellen består av systematiske, førebyggande tiltak som rettar positiv merksemd mot alle elevane i skulen. Modellen er basert på forskning og kunnskap om tiltak som fremjar eit trygt læringsmiljø der elevane kan utvikle sosial og skulefagleg kompetanse. Hos oss står arbeidet med trygt og godt skulemiljø som den gjennomgåande raude tråd i alt arbeidet vi gjer. Elevar og tilsette må vere trygge og trivast for å lære, og yte sitt beste.
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer grunnskulelærar med undervisningskompetanse for 1.- 7. klasse, innan fagområda norsk, engelsk, matematikk m.m.
Søkjarar med andre fagområde kan òg søkje.
Kvalifikasjonar (overskrift)
Ved utveljing vektlegg vi søkjarar som er/har:
- Godkjend pedagogisk utdanning
- Digital kompetanse
- God kommunikasjonsevne med stødig nynorsk rettskriving og godt norsk talemål
Vi ser etter deg som:
- Har høg relasjonell kompetanse og gode samarbeids- og formidlingsevner
- Er fagleg kompetent, utviklingsorientert og oppdatert innan eige fagfelt
- Er ein tydeleg klasseleiar som skapar struktur og tryggleik
- Er positiv, engasjert og høgt motivert
- Bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
- Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis barnehage
- Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse
- Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.
- Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner)
- Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år.
Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/
I tillegg får du: - Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet
- Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid
- Gode pensjons- og låneordningar gjennom SPK, Statens pensjonskasse.
- Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon
- Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Kontaktinformasjon
Gro Bakke Abildsnes, Kommunalsjef oppvekst, kultur og fritid, +47 97167462Arbeidsstad
Ålfotevegen 526737 ÅLFOTEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 5117669120
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 18.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460908113
- Sist endret
