Psykologspesialist
Poliklinikk BUP Volda, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 6.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi har no ledig 1 fast stilling for psykologspesialist ved poliklinikk BUP Volda.
I Helse Møre og Romsdal HF er psykisk helsevern for barn og unge samansett av poliklinikkane i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda (BUP) samt ein døgnseksjon.
Poliklinikken i Volda har eit godt arbeidsmiljø med spanande arbeidsoppgåver. Vi tilbyd differensiert poliklinisk utgreiing- og behandlingstilbod til barn, unge og familiar i 7 kommunar på Sunnmøre.
Personalgruppa vår er sett saman av personar frå ulike yrkesgrupper som er organisert i tverrfaglege team. I tillegg har vi akutt ambulant team, spiseteam, traumeteam og familieteam. Vi gir tilbod om pasient- og pårørandeopplæring. Vi legg vekt på godt samarbeid med andre helsetenester, både i kommunane og i andre delar av spesialisthelsetenesta.
Vi ynskjer å kunne tilby ein god balanse med høve til fagleg fordjuping, organisasjonsutvikling og differensierte kliniske arbeidsoppgåver. Skulle du ha planar om faglege utviklingsprosjekt eller forsking, kan det vere høve til å utvikle dette i samarbeid med fagpersonar med forskingsbakgrunn i seksjonen vår, eller eventuelt saman med samarbeidspartnerar vi har innan forsking og fagutvikling.
BUP Volda held no til i Kløvertunvegen 1, men vil i august flytte til Hamna i Volda.
Arbeidsoppgåver
- Rettleiing av psykologar
- Poliklinisk utgreiing og behandling av born og unge med ulike psykiske lidingar
- Rettleiing og konsultasjon til foreldre, skule og nettverk
- Deltaking i samarbeidsfora rundt pasientar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Fullført spesialitet med fordjuping i barne- og ungdomspsykologi
- Psykologar som har maks 1 år igjen av spesialiseringsløpet kan også søke
- Relevant erfaring
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Politiattest må leggast fram før tilsetting
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeids og kommunikasjonsevner
- Du trivast i rettleiingsrolla
- Du har interesse for fagutvikling og engasjement for utvikling av eigen arbeidsplass
- Du arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta
- Du har evne til å skape trivsel i ein travel arbeidskvardag
- Det å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Tilrettelegging for fagleg utvikling
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her. - Og her.
Kontaktinformasjon
Kari Standal, Seksjonsleiar, +47 70058570, kari.standal@helse-mr.no
Arbeidsstad
Kløvertunvegen 1
6103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5114458972
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460900094
- Sist endret
