Helsefagarbeidar - 60% natt på Såta bu- og servicesenter
Alver kommune
- Frist 11.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Me har ledig 60% fast stilling på natt. Stillinga vil vere ei rein nattevaktstilling. Me har årsturnus, og arbeidet vil vere i snitt kvar 3 helg.
Såta bu- og servicesenter
I september 2026 skal Såta bu- og servicesenter utvida, og me utvidar med 13 somatiske plassar. Denne avdelinga er ein del av dei fire sjukeheimane vi har i Alver kommune, og den ligg vakkert plassert i sentrum av Knarvik.
Målet vårt er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng.
Arbeidsoppgåver
- Yte omsorgsfull og fagleg forsvarleg helsehjelp til pasientane på sjukeheimen
- Vurdere kvar einskild bebuars behov for oppfølgning
- Iverksette og følge opp tiltaksplanar til den enkelte pasient
- Medikamenthandsaming i henhold til gjeldende rutiner
Kompetansekrav
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.
- Me søkjer fagleg trygge hjelpepleiare/helsefagarbeidare med god norskkunnkap både skriftleg og munnleg.
- Du bør ha gode digitale ferdigheiter og evne til å struktruere eigen arbeidskvardag i tråd med dei krav som vert stilt til tenesta.
- God gjennomføringsevne, fleksibilitet, rolleforståing og ei løysingsorientert tilnærming er viktig i ein travel arbeidskvardag.
Kven er du?
- Du har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tid
- Du er trygg i deg sjølv
- Du har god klinisk observasjonskompetanse
- Du har gode kommunikasjonsevner og ser betydninga av både små og store augneblinkar i relasjonsbygging
Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for pasientgruppa. Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig. Du trivst i ei til tider uforutsigbar arbeidskvardag, og du utøver yrket ditt med samvit og omsorg.
Du bidrar til godt arbeidsmiljø - også på natt.
Du ser moglegheiter der andre ser utfordringar og kan reflektera etisk og fagleg.
Vi tilbyr
- Fagleg spennande arbeid
- Årsturnus
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneAnnonseinformasjon
- FINN-kode 460760089
- Sist endret

