Barnehagelærarar i Leikvang barnehage på Stadlandet
Fast stilling og vikariat
- Frist 6.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Stad kommune har ledig ei 100 % fast stilling og eit 100 % vikariat som barnehagelærar i Leikvang barnehage.
Leikvang barnehage ligg på Leikanger, Stadlandet. Det er gangavstand til skule, fotballbane og andre fritidsområde. Naturen har vi rett utanfor barnehagen, med kort veg til både fjell og fjøre. Barnehagen har tre avdelingar; ei småbarnsavdeling med barn 1-3 år og to storbarnsavdelingar med born 3-5 år. Det er om lag 58 born og 15 tilsette i barnehagen.
- Vi ønskjer å skape ein god og trygg kvardag for barn, foreldre og tilsette
- Vi ønskjer å møte det einskilde barnet og familien med openheit og respekt
- Vi ønskjer at kvardagane skal vere prega av glede og humor
Å gi barna ein trygg og god barndom, skape gode relasjonar mellom barna og mellom barn og vaksne er viktig.
Målet vårt er å saman med foreldra å gi barna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehagen
- Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
- Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna
- Samarbeide med føresette, interne og ekstrene samarbeidspartnarar
- Samarbeide med øvrige tilsette
- Rettleiingsansvar for øvrige tilsette
Kvalifikasjonar
- For stilling som barnehagelærar er det krav om 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar/førskulelærar
- Andre søkjarar med fagbrev innan barne- og ungdomsarbeiderfaget/ helsefag eller med relevant erfaring vil verte vurderte
Personlege eigenskapar
- Du har gode evner til kommunikasjon på norsk, munnleg og skriftleg
- Du tek initiativ og har gode evner til samarbeid og du kan jobbe sjølvstendig
- Du har evne til å sjå det enkelte barnet
- Du har evne til å handtere ei større barnegruppe
- Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell
- Du kan kommunisere med menneske med ulike kulturell bakgrunn, ulike livssyn og ulik sosial bakgrunn
Vi tilbyr
- Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
- Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar
- Godt og nært fagleg samarbeid
- Løns-og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden. Vi ønskjer at du oppgir referansar.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Har du spørsmål om barnehagen kan du ta kontakt med styrar Evy Henriette Hagen på tlf: 90 96 37 35.
Kontaktinformasjon
Evy Henriette Hagen, Styrar Leikvang barnehage, 90 96 37 35, evy.henriette.hagen@stad.kommune.noArbeidsstad
6750 Stadlandet
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5113185364
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 06.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460685920
- Sist endret
