Parkeringsvakt Grotlesanden sommaren 2026
Kultur og fritid, Bremanger kommune
- Frist 10.5.2026
- Ansettelsesform Engasjement
Bremanger kultur og fritid søkjer etter parkeringsvakter ved Grotlesanden for sommaren 2026. Frå 20. juni - 23. august.
Vi søkjer etter 8 parkeringsvakter.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene omfattar å ta imot betaling frå besøkjande og vise dei til rett plass på parkeringsområdet. Vidare skal ein halde området ved sanitærbygget ryddig, tømme boss, sjå til at toaletta til ei kvar tid er reine og presentable, samt sørgje for orden på parkeringsplassane og i strandområdet.
Arbeidstida er mellom kl. 10.00 og 17.00, sju dagar i veka. Arbeidet inkluderer opplåsing av sanitærbygget på føremiddag.
Det skal førast timeliste for arbeidet. Dersom det er eintydig dårlege vêrforhold, til dømes ved regn, vind og temperaturar på om lag 12–15 grader, vert det ført to timar arbeid den dagen, og ein kan avslutte arbeidsdagen.
Det kan vere aktuelt med vakter helga før skulestart og i helgene etter skulestart. Dette vert avklart nærare.
Spørsmål kan rettast til driftssjef for kultur og fritid, Norvall Klungresæter, på telefon 91 65 85 47.
Kontaktinformasjon
Norvall Klungresæter, Driftssjef kultur og fritid, +47 91658547Arbeidsstad
6727 Bremanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 5116612405
Stillingsprosent: 10%
Engasjement
Søknadsfrist: 10.05.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460681046
- Sist endret


